Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gardsbrenneriet i Gloppen går nye vegar

Gardsbrenneriet har spesialisert seg på å nytta frukt og bær som tidlegare ikkje gav meirverdi for bonden grunna kvalitetsavvik. I tillegg har dei no utvikla eit heilt nytt produkt – brennevin av myse.

Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad har bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre. (Foto: Gardsbrenneriet)
Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad har bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre. (Foto: Gardsbrenneriet)

Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad er begge utdanna kjemikarar frå NTNU og har tidlegare arbeidd innanfor næringsmiddel og oljeindustrien.

I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok fruktgarden til familien til Vik Bergstad. Dei starta forsiktig opp med drikkevareproduksjon i 2012 og etablerte Gardsbrenneriet i 2015. No har dei vunne BU-prisen for Vestland, skriv Innovasjon Norge.

– Dette var veldig overraskande og ikkje minst ei veldig hyggeleg førjulsgåve! Det er utruleg inspirerande å sjå at alt arbeidet vi har gjort og fortsatt gjer, blir lagt merke til, og det er heilt sikkert at dette motiverer for vidare utviklingsarbeid og innovasjon frå vår side, seier Jann Vestby, dagleg leiar for Gardsbrenneriet.

Med solid fagleg bakgrunn har dei bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre.

Kundane er i all hovudsak butikkane til Vinmonopolet. Dei leverer også til lokale butikkar, hotell og restaurantar.

Lokale råvarer

Gardsbrenneriet har spesialisert seg på å nytta frukt og bær som tidlegare ikkje gav meirverdi for bonden pga kvalitetsavvik. Dette foredlar dei til fyrsteklasses varer.

Annonse

– Vi har heilt sidan vi starta med tanken på «Gardsbrenneriet», tilbake i 2009, ynskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å lage gode produkt. Vi legg vekt på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønnsemda til alle bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Jann Vestby.

Frå myse til brennevin

Enkelte av produkta blir produsert med uttrekk (geist) og ikkje destillasjon. Dette var dei ein av dei første i landet til å gjera.

I tillegg har dei no utvikla eit heilt nytt produkt, der dei som dei første i Norge, utviklar brennevin basert på eit overskotsprodukt frå meieria; nemleg myse.

– Støtta vi har fått frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for at vi har kome dit vi er i dag og vi set enormt stor pris på samarbeidet vi har! Utan dette samarbeidet hadde vi nok aldri turt å ta steget med å flytte frå gode, sikre jobbar i Oslo, til å satse på nyskaping og produktutvikling på eit Vestlandsbruk i Gloppen, seier Jann Vestby.

Juryens grunngjeving

Det største konkurransefortrinnet til Gardsbrenneriet er høg kompetanse hjå eigarane, opparbeida gjennom lang utdanning og allsidig arbeidserfaring. Dei har sjølve utvikla mykje av utstyret som vert brukt under foredlinga. Produkta som vert laga er difor unike på mange måtar, sidan ingen i Norge har tilsvarande utstyr, skriv juryen om vinnaren.

Juryen er imponert over flott design og god distribusjon til Vinmonopolet.

– Nye produksjonsmetodar og stadig utvikling av nye produkt, gjer til at Gardsbrenneriet scorar spesielt høgt når det gjeld nyskaping. Spesielt gjeld dette den siste satsinga på å laga brennevin av myse, der dei er dei første her i landet som har gjort dette, seier Nina Broch Mathisen, juryleiar og regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland.

Neste artikkel

Nye lettelser for utenlandsk arbeidskraft