Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesleiarar glade for avtale

Fylkesleiarar i Bondelaget er glade for at det vart avtale. Dei skulle gjerne hatt meir på fleire område, men grøntpakken får skryt.

– Eg trur ikkje vi hadde hatt noko å vinne på eit brot. Eg er òg glad for at vi fekk ein lønnsauke i kroner og ikkje i prosent, og at denne auken er høgare enn andre yrkesgrupper, seier fylkesleiar i Rogaland Bondelag Marit Epletveit (Foto: Stian Eide)

Det er ein avtale som ikkje er ideell, ut frå kravet, men som er akseptabel, meiner Anders Felde, leiar i Sogn- og Fjordane Bondelag.

– Det viktige er at vi har fått til ein vekst i kroner som er større enn det folk flest kan forvente å få, noko som er svært viktig prinsipielt. Det gjer at dette, etter mi meining, er ein svært god avtale, særleg med tanke på dei avgrensa moglegheitene som er innanfor marknaden. Her er det lite å hente, seier Felde.

Fylkesleiaren trekkjer og fram endringa i jordbruksfrådraget, frå vel 60 000 til om lag 90 000 kroner, og ein auke i det maksimale frådraget frå 166 400 kroner til om lag 190 000 kroner. Det vil gje ein skattefordel til næringsinntekt knytt til jordbruk.

– Dette er eit viktig grep som gjeld alle produksjonar, og som vil gje ein veldig gunstig skatteeffekt. Det er positivt, seier han.

Innanfor dei ulike produksjonane meiner Felde det er brukbart på kyr, men ikkje nok på sau, korn og grønt. Han er òg nøgd med at betringa av marknadsbalansen er skrive ned frå 250 millionar til 195 millionar. Det er svært viktig at vi fekk redusert denne, seier han.

– Vi har ikkje løyst alt, men vi har oppnådd mykje.

Anders Felde, leiar i Sogn- og Fjordane Bondelag.

Felde er òg svært positiv til grøntpakka. – Eg har klare forventningar til at fleire på Vestlandet og i distrikta hiv seg rundt og satsar på dei grønsakene og frukt og bær som vi har for lite av. For Sogn og Fjordane gjeld det nok fyrst og fremst jordbær, eple og pære. Her er det moglegheiter.

– Vi har ikkje løyst alt, men vi har oppnådd mykje. Vi har fått til eit inntektsløft som gjer at vi få meir enn andre yrkesgrupper, og som gjer at vi kan knappe inn skilnadane. Eg håper det vil gjelde for framtida også, slik at vi kan rekruttere fleire inn i næringa, seier Felde.

– Glad det vart avtale

Marit Epletveit, fylkesleiar i Rogaland Bondelag er glad for at det vart ein avtale i år.

– Eg trur ikkje vi hadde hatt noko å vinne på eit brot. Eg er òg glad for at vi fekk ein lønnsauke i kroner og ikkje i prosent, og at denne auken er høgare enn andre yrkesgrupper, seier ho.

Som kvinne er Epletveit glad for at Landbruksdirektoratet skal evaluere innføring av avløysertilskot ved sjukt barn (inntil 365 dagar). – Å styrke dei generelle avløyserordningane meiner eg er med på å sikre rekruttering til næringa, samt sørge for at bonden tar seg fri og får lada batteri, seier ho.

Fylkesleiaren nemner òg endringa i jordbruksfrådraget, frå vel 60 000 til om lag 90 000 kroner, som eit viktig tiltak.

Det skal no utarbeides eit opplegg for korleis nedskaleringa av mjølkeproduksjonen skal gjennomførast. Partene er enige om at nedskaleringa vil bli gjennomført ved bruk av forholdstalet på disponibel kvote og oppkjøp av mjølkekvotar med finansiering over omsetningsavgifta for mjølk.

– Opplegget skal vere etablert seinast 1. oktober i år, men eg håper det skjer før den tid, slik at folk får moglegheiter til å områ seg. Det er også ei svært spennande satsing på frukt og grønt, seier ho.

Annonse

Når det gjeld korn, så har Rogaland har vore einige om at kornøkonomien må styrkast.

– Det betyr at vi kan ha husdyra vore der dei skal vere, og at ein dyrkar korn der det er forhold for det. Vi beklager at kraftfôrprisen vil stige med 2 øre per kilo, men her gjorde nok forhandlingsutvalet alt dei kunne for å unngå dette, seier Marit Epletveit.

Forhandlingsløsning viktig

Svend Arild Uvaag i Østfold er glad for at det ble en forhandlingsløsning.

– Det er viktig for forhandlingsinstituttet, og for jordbruket og regjeringen, med en normal gjennomgang av et jordbruksoppgjør. Jeg er fornøyd med at vi kom over den magiske grensen for å tette etterslepet, men det er langt igjen. Det er bra med full inndekning, og så vidt bedre kronemessig utvikling i forhold til andre, sier Uvaag.

– For Østfold og flatbygdene er det viktig med styrket kornøkonomi og satsing på grønt, frukt og bær. Men det kanskje viktigste enkeltpunkt er at vi fikk så bra avtale på prisnedskriving at vi opprettholder konkurransekraften i husdyrholdet. Løsningen er god fordi vi får økt både kornprisen og prisnedskrivingen.

– Mange andre elementer enn pris er viktig for kornøkonomien, og det er en kontinuerlig diskusjon hvor grensene går. Det ekstra påslaget på arealtilskudd for korn i sone 2–4 og 5–7 er en justering i retning av at kornøkonomien styrkes mer i randsonene. Det håper jeg er positivt.

– Vi har aldri slått oss til ro med at vi mistet arealtilskudd for gras. Østfold er mangfoldig, og noen steder er gras viktig. Vi har ikke fått dette på dagsordenen, men i konkurranse med gras og korn er ikke prisen det viktigste. Mange unge vil satse og bruke sine muligheter på en annen måte, og vi får et press på arbeidsfordelingen, sier Uvaag.

Tetter litt av gapet

– Det burde vært mer i potten, sier fylkesleder Kari Åker i Sør-Trøndelag Bondelag. Hun er glad for at bøndene tetter litt av inntektsgapet, og håper på større utslag i neste runde.

– Oppgjøret er OK, med litt for lite økning på det meste. Men grøntsatsinga er kjempebra, og jeg er spent på utfallet av runden om melkekvotene til høsten. Ellers er jeg glad for at sone 4 får et løft etter å ha kommet dårlig ut lenge. Det signaliserer en satsing på andre plasser enn de mest sentrale.

– Ellers er det synd at pelsdyrkravene er helt avvist. Pelsdyrbøndene skal ta del i næringsutviklinga helt fram til endepunktet, sier Kari Åker.

Er på rett vei

Også fylkesleder Ståle Nordmo i Nordland mener ramma skulle vært større. Han hadde bl.a. ønsket mer på utmarksbeitetilskudd på sau, men slår fast at det er på rett vei.

– Det viktigste for Nordland er støtte til små og mellomstore bruk på melk og ammeku. Alle er enige om at det må gjøres noe med leiekvoter og prisjaget som følger med. Når eksportstøtten skal avvikles i 2021, må melkeproduksjonen ned, og det raskeste er å ta ned forholdstallet. Noe må gjøres, og det er nødvendig å se på saken i full bredde til høsten. Det er fint at dette kommer ut nå, så får vi opp engasjementet.

– Grøntpakken kan være et mulighetsrom også i Nordland. Vi har miljøer for potet og jordbær, og flere kan se en mulighet for å starte med det, sier Nordmo.

Neste artikkel

– Vi havner i en skvis