Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frankrike skal avlive 1,3 millionar fuglar i kampen mot fugleinfluensa

Fuglane skal avlivast dei nærmaste vekene.

Det siste utbrotet av fugleinfluensa i Europa har vore det hittil største i sitt slag, både i geografisk utbreiing og talet på smitta fuglar. Spredning av viruset hos ville fuglar vil auke smittefaren for alle fuglar. Illustrasjonsfoto: Nortura

Ender, kyllingar og kalkuner i 226 kommuner skal avlivast, og styresmaktene reknar med det er snakk om 1,3 millionar fuglar. Vedtaket gjelder for deler av regionane Landes, Gers og Pyrénées-Atlantiques, skriv ATL i Sverige.

– Det kjem til å ta rundt tre veker å tømme området for desse fuglane, melder jordbruksdepartementet i Frankrike.

Bønder og produsentar kjem til å få erstatning for fuglane som blir avliva.

Fleire land i Europa har fått registrert utbrot av fugleinfluensa, H5N1, dei seinaste vekene.

Neste artikkel

Tidlegare brannmann mistenkt for å ha starta to skogbrannar