Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framleis utfordringar med fluorskadar hjå dyr nær aluminiumsverk

Kronisk fluorforgifting (fluorose) hjå dyr som lever i nærleiken av nokre aluminiumsverk er framleis ei utfordring.

Dyr får i seg fluor ved å beita på ureina planter rundt aluminiumsverka. (Illustrasjonsfoto: Gunnar Stenberg/Mostphotos)
Dyr får i seg fluor ved å beita på ureina planter rundt aluminiumsverka. (Illustrasjonsfoto: Gunnar Stenberg/Mostphotos)

Dette kjem fram i ei undersøking gjort av Veterinærinstituttet på oppdrag frå Aluminiumindustriens Miljøsekretariat (AMS).

– Studien viste at graden av fluorbelasting hjortevilt varierte mellom dei forskjellige aluminumsverka. Fluorbelastinga såg ut til å vera påverka av lokal topografi, meteorologiske tilhøve og nivå og type fluorutslepp, seier fagansvarleg for vilt ved Veterinærinstituttet, Turid Vikøren.

– Det blei påvist fluorbelasting og fluorose hjå hjortedyr ved alle verk, men av svært varierande omfang og alvorsgrad, seier ho vidare.

Skader på tenner

I utslepp frå aluminiumsverk er det ulike mengder fluor, både som gass og i partiklar. Små mengder fluor er bra for tannhelsa, men større mengder kan årsaka skadar. Dyr får i seg fluor ved å beita på ureina planter rundt aluminiumsverka, skriv Veterinærinstituttet.

– Hjortedyr er svært sensitive og gode indikatorar på fluorbelasting. Inntak av auka mengder fluor vil akkumulera i beinvevet og kan årsaka kronisk fluorforgifting, også kalla fluorose, seier Vikøren.

Annonse

Fluorskadar ser ein som skadar på tenner og i skjelettet. Dyr med alvorleg fluorose vil li og representerar eit brot på god dyrevelferd.

Høgast fluorbelasting i Årdal

Høgast fluorbelasting blei påvist hjå hjortedyr i Årdal i eit område på omlag 13 km frå verket. Det var også høg fluorbelasting inne på verksområdet til Hydro Karmøy.

Dyr skotne meir enn ein km frå verket på Karmøy, var lite belasta, truleg på grunn av rask uttynning av utsleppa i det flate, vindfulle landskapet.

I Sunndal var det moderat fluorbelasting med mild fluorose i nedre halvdel av Sunndalen. På Husnes var det tilsvarande moderat fluorbelasting i eit område innanfor tre km frå verket.

Belastinga av fluor var generelt låg ved Alcoa Lista, med nokre få unntak.

– Resultata er ei spesiell påminning om at planteetande vilt og husdyr som lever svært nær eit aluminiumsverk kan utvikla alvorleg fluorose, understrekar Vikøren.

Neste artikkel

EU-Parlamentet vil bedre dyrevelferden