Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå kvardag til kaos på minutt

Ekstreme krefter, rasering av eigedom, redsle, kaoskontroll og lettelse. 30. juli 2019 blir dagen Geir Støfring, Solfrid Utheim Rygg og Henriette Sunde aldri gløymer.

Raskaos: Solfrid Utheim Rygg og Bjørn Petter Rygg vart brått kasta ut av kvardagen då ein serie ras lagde kaos i heimbygda. (Foto: Kristiane Utheim Brown)

I dagevis hadde det vore full sommar. Formiddagen tysdag 30. juli var mjølkebonde og lokallagsleiar i Jølster Bondelag, Geir Støfring, på stranda.

– Det var ein solrik dag med god høytørk og kleggbitt, fortel han.

Men han visste at det var varsla regn etter kvart, og då det skya til, reiste han heim for å førebu seg på tordenskrall og kraftig regn. Han kontrollerte at grøftene i gardsvegen kunne ta imot regnet. Han ville jo ikkje ha skader.

Han stod ute då det begynte å regne. Ingenting varsla han om at noko var unormalt. Han såg på lyna som dansa på himmelen, og let skjorta bli våt.

Frå kvardag til kaos

Han skulle i fjøset om ikkje så lenge, så han tok seg litt mat, og ein liten blund. Han vakna litt etter klokka 17, og skulle sette på kaffien. Blikket gjekk ut vindauget, der det hadde lyna så hissig før han sovna.

– Da slapp haka. Dette hadde eg aldri sett før.

I den over åtte minutt lange videoen under kan du sjå garden til Solfrid Utheim Rygg og ektemannen Bjørn Petter Rygg bli rasert. Videoen er teke av Matt Brown (klikk på videoen for å starte frå begynnelsen)

Gjennom vindauget såg han at fossen hadde fått dobbel størrelse, og at det rann vatn der det aldri hadde runne vatn før.

– Ta et bilde! Vi må køyre, ropte han til kona, og heiv seg i bilen.

Vi har dyr der, tenkte han.

Rømde frå husa

Dersom det han såg med eigne auge, verkeleg var sant, raste det gjennom hovudet hans, ville det vere skader der dyra hans gjekk ein kilometer unna.

Då han kom fram, hadde folk allereie forlate husa sine.

– Dei hadde sprunge ut av husa - husa stod ulåste - og kasta seg i biler. Dei skjønte at her var det berre å kome seg av garde, for du veit ikkje kva som skjer i løpet av eitt minutt. Eg hadde firehjulstrekkar, og kom meg så vidt fram. Under ei trapp stod nokre og keik ut. Dei hadde klart å kome seg dit ved å gå på kanten av ei bru som hadde rast saman. Eg henta traktor og begynte å skuffe vekk stein, røter og tre. Eg visste at det var trafikkork på E39, og dersom det kom ambulanse, måtte dei ha moglegheit til å finne ein annan veg, fortel Støfring.

Mobildekninga var dårleg, og dei neste timane handla mykje om å dra frå hus til hus og få oversikt over innbyggjarane. Var alle trygge?

200 år skylt vekk

Dagen derpå er synet trist.

– Folk står og ser på garasjeanlegg, hus, campingvogner, biler, gjerde og beiter som er rasert. Grasmark er øydelagt. Dreneringssystem, skogsvegar, plantefelt, elver ein har jobba i 200 år med å halde ryddige ... dei er skylt vekk. Bruer som har stått i 200 år i den Trondhjemske postveg, er blåst i fillebiter.

«Eg kjem ikkje utpå. Det ligg fire meter med granfelt, stein og nedrivne bygningar der»

Geir Støfring

– Det begynte med små, uskuldige sig i fjellet, i torv, i mosegrodde bakkar. Utkanten av ein bekk har sklidd av garde. Men så har det dratt på kraftig, og summert seg til eit enormt skrell nedover bygdene. Bekkane blei elver, og elvane blei fossar med jordhaldige lausmassar. Eg har fått ei lukt i hovudet mitt. Det lukta åker, nypløyd jord. Det var det som rann her: Det var ei elv av jord. Førdefjorden er misfarga to mil utover, fortel han.

– Katastrofeområde

– Mange hundre mål mark er rasert. 120–130 mål av leigejorda mi er radert ut. Det er ikkje råd å rydde der. Eg kjem ikkje utpå. Det ligg fire meter med granfelt, stein og nedrivne bygningar der. Det er eit katastrofeområde. Eg veit ikkje om dei som bur der, har krefter til å ta opp igjen garden. Dei har brukt 100 år på å byggje opp ein gard, og på 6–7 minutt ser dei at den forsvinn, seier Støfring.

Dei nye, kraftige elvene tok med seg alt i sin veg.

– Eg har mista 150 rundballar. Eg måtte fjerne dyra mine, for det finst ikkje gjerde lenger. Det går elver gjennom beiteområde. Generasjonar har bygd opp desse areala. Spørsmålet er om vi klarer å ta dei tilbake, eller om det blir villmark der frå no av. Om det ikkje blir bidrag frå ei støtteordning, er det ingen som har råd, seier bonden.

Usikre på framtida

Der han sjølv bur, er det små skadar. Men raseringa er berre ein rusletur unna.

– Dei eg kjenner her i nabolaget, slit med å flytte tilbake. Dersom det kjem ein «god drope» vatn her, kan ein risikere at det vert skikkeleg skummelt. Det har blitt totalforandra her. Dei har gått frå å ha ein skogkledd ås, til å få ein diger jøl heilt frå toppen av fjellet og heilt ned til garden.

– Kva når det regnar i dagevis i haust? Kva når det kjem snø i vinter? Er det snøras ein skal få neste gong? Det er slike tankar folk får. Folk er rett og slett bekymra for om det er trygt å bu her.

– Det kunne gått mykje verre, slår Geir Støfring fast.

Enorme mengder med stein

Det kunne det hos Solfrid Utheim Rygg i Hyen i Gloppen kommune, også. – Vi mista eit stort reiskapshus og ein garasje, men vi berga hønsehuset som berre var nokre meter unna, så vi er for så vidt letta. Men det er enorme mengder med stein her, så... vi har nok litt utfordring, fortel ho.

Bilete er stillbilete frå videoen teke av Matt Brown, der garden til Solfrid Utheim Rygg og Bjørn Petter Rygg blir rasert.

Oppsummeringa hennar beskriv likevel ikkje den voldsomme dramatikken som utspelte seg, men det gjer den over åtte minutt lange video av raseringa av garden du kan se øverst i saken.

Dei enorme vassmengdene riv med seg ein bygning på 300–400 kvadrat få meter frå våningshuset der svigersonen sat i andre etasje og filma. Ein bil seglar ut av garasjen, rundballar flyt av garde, og det voldsomme, brune stryket inneheld ekstreme krefter.

Bilete er stillbilete frå videoen teke av Matt Brown, der garden til Solfrid Utheim Rygg og Bjørn Petter Rygg blir rasert.

– Svigersonen vår sa at han ikkje følte at han var i fare. I ettertid ser vi at det skulle lite til før vatnet hadde greve rundt hønsehuset, og det står rett ovanfor huset vårt. Så oppe i det heile er vi veldig heldige med at det gjekk så godt. Det kunne gått verre, seier Solfrid.

Store tap og lettelse

Sjølv var ho på støylen der dei har mjølkeproduksjon, då raseringa skjedde. Det var litt av eit syn som møtte ho, då ho kom ned att. Garden var ikkje til å kjenne igjen.

Familiemedlemmane var spreidd. To av borna stod fast mellom ei øydelagt bru og eit jord- og steinras ikkje langt heimanfrå.

Annonse

– Etter at eg visste at borna var i sikkerheit og at Bjørn var på veg heim, var det viktigaste for meg å sikre at hønene fekk vatn, fortel Solfrid.

Dei har 7500 høner i økologisk drift.

– Eg skjønte at eg kom til å få eit problem, og eg er vant til å overlate sånt til mannen min, som var vanskeleg å få tak i på grunn av ustabil telefondekning. Kva kunne eg bruke? Gyllevogna vår stod fast, og alle vogner var skitne av møk. Elva var skita. Hønene må ha vatn når dagen deira begynner, seier Solfrid.

Men familien hadde flaks. Då naboen kopla på si tidlegare vasskjelde, kom vatnet også så vidt sigande fram til dei. Alle familiemedlemmane kom vel heim. Det viktigaste gjekk bra.

Gjenstandar som traktor, gravemaskin, biler og mykje reiskap, gjekk derimot tapt. Og det er stein overalt. Mykje stein. Elva gjekk i ei bredde på rundt 120 meter, anslår Solfrid, og har lagt igjen masse i eit endå breiare felt.

– Dagane etter har vi sanka ting som ikkje høyrer heime i vassdraget, som dieseltank og rundballar, og prøvd å finne ut kva forsikringa og naturskadefondet dekker. Eg er litt redd eg kan sitje igjen med ei stor rekning, seier ho.

– Eg håper vi får sett opp igjen reiskapshuset. Vi er avhengige av det og gjødsellageret som var i det.

– Og det lyt kome ein rasvoll for å verne hønsehuset, seier ho.

Det er ei veke sidan Solfrid Utheim Rygg opplevde raset då Bondebladet snakkar med ho.

– Vi var heldige. Det tykkjer eg faktisk vi er. Så får vi sjå kva følelse eg sit igjen med når oppryddinga er gjort, og om eg står igjen som svarteper, seier ho.

Var forberedt på å springe

Men det vart ikkje berre materielle skader av rasa.

I fjor skreiv Bondelaget ei sak om at på Strand i Jølster har Henriette Sunde funne sitt paradis.

Den siste tysdagskvelden i juli var det alt anna enn paradisisk der.

Sunde er tydeleg prega av det som skjedde.

Ute piska regnet i ei voldsom fart. Inne var straumen, nettilgongen og telefondekninga vekk. Aleine sat ho i mørket med den seks månader gamle sovande sonen.

Ho som aldri hadde vore redd for torevêr, eller tenkt over at det kunne vere spesielt rasfarleg der ho budde: No var ho redd.

Ho hadde lagt sonen på sofaen i stua der ho var, i staden for på soverommet, slik ho pleier. Grunnen var like logisk som dramatisk:

– Då ville eg få han med meg ut når eg spring dersom det rasar.

Uroleg for mannen

Tankane i mørket gjekk likevel til sambuaren. Ho hadde snakka med han på telefonen medan ho framleis hadde dekning. Ho hadde fortalt at ho ikkje klarte å halde vatnet godt nok vekke frå vegen deira: Han kom til å reise.

Seinare hadde ho sendt melding om at han godt kunne kome heim. Det siste han skreiv var at no var han på veg. Men det var lenge sidan no, og reisevegen hans skulle berre vere 40 minutt.

Ho hadde bede han vere forsiktig, for det går ofte ras på den strekninga han skulle køyre.

Kvifor var han ikkje komen heim enno? Kva hadde skjedd?

Høgspentlina som hoppetau

Det letta noko då faren hennar kom innom, og fortalde at sørsida var stengt. Det kunne vere årsaka. Folk vart evakuerte med båt.

To og ein halv time etter tekstmeldinga kom sambuaren heim. Han var trygg! Midt i alt kaoset kjente Henriette at ho roa seg. Lyset kom tilbake også. Ho ville ta vesleguten ut på badet og stelle han.

Medan ho stod der, kom ein durelyd. Ho ropte på Erik André. Kva var dette?

Ho såg ut baderomsglaset.

– Høgspentlina gjekk som eit hoppetau. «Dette er ikkje vanleg», minnest Henriette at ho utbraut.

– Det var nok då det raset som tok med seg bilen, gjekk, seier ho stille.

– Forferdeleg

Då neste dag kom, sat Henriette Sunde igjen med mindre beite enn før. Av skogsvegen stod berre dei 80 øvste metrane igjen. Det meste er også vekke av det 300 meter lange gjerdet dei var ferdige med å sette opp berre fire dagar tidlegare.

– Men det verste er han dei ikkje finn, seier ho.

– Eg syns det er heilt forferdeleg at det raset som ser ut til å ha tatt liv, har kome her hos oss. Det losna lenger oppe enn der vi eig, men det har gått gjennom teigen vi eig. Eg veit at eg ikkje kan noko for raset, men det er likevel ein guffen følelse, fortel ho.

– Det var ikkje kjempebratt der raset starta. Det må berre ha demt seg opp, og så klarte ikkje jorda å halde på meir - og alt kom.

I eit vakuum

Det er ei rar tid for Henriette no.

– Vi går litt rundt oss sjølve. Vi går i eit vakuum, fortel ho.

Den første natta sov den unge sauebonden dårleg. Etter det har ho ikkje vore veldig redd medan ho har vore heime på garden.

– Men i går begynte det å regne igjen, og lyne og tore. Eg kjende det på ein annan måte enn før. Eg har ikkje vore redd for torevêr, men i går kjende eg pulsen stige. Det kunne vel ikkje kome to slike regnskyll med berre ei veke mellom?

Henriette Sunde hevdar likevel framleis at Strand i Jølster er paradiset hennar.

– Vi må berre få rydda litt. Og eg håper dei finn han som er sakna.

Neste artikkel

Store skadar på dyrka mark i Jølster