Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Første kornprognose: Ti prosent over fjoråret

Meir kveite: Fordelinga mellom kornslag viser auka kveiteareal og mindre areal av bygg og havre. Foto: Norsk Landbruk
Meir kveite: Fordelinga mellom kornslag viser auka kveiteareal og mindre areal av bygg og havre. Foto: Norsk Landbruk

Totalt prognose er på 1 245 000 tonn, opp 10 prosent frå avlinga i 2021 på 1 132 900 i tonn og så vidt under avlinga i 2020. Prognosert areal er sett lik føregåande totalareal.

Fordelinga mellom kornslag er prognose frå Nibio basert på såkornomsetninga, og viser auka kveiteareal og mindre areal bygg og havre, melder FK Agri.

Arealet med åkerbønner har auka sterkt frå i fjor.

Annonse

Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data.

Førebels er utsiktene for kvaliteten av matkveiten vurdert som gode. Med den store tilgangen er det grunn til å vente at det blir behov for regulering til 2023/2024.

Prognose for importbehov i sesongen 2022/2023 er 453 000 tonn fôrkorn, 77 600 tonn matkorn og 4 400 tonn oljefrø. FK Agri anbefaler kvotar for import med redusert toll i august på 149 000 fôrkorn, 31 000 tonn matkorn og 2 000 tonn oljefrø.

Neste artikkel

Kornprognosen justert opp med 54 000 tonn