Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Førebelse tal for sal av mjølkekvote

Totalt er det 108 eigarar av kumjølkkvote som har søkt om sal, til saman gir det 4 950 000 liter kumjølk. Dette viser ei førebels teljing Landbruksdirektoratet har gjort.

I Trøndelag er det 30 eigarar som vil selje kumjølkkvoten, til saman gir det eit volum på 1 740 000 liter. Foto: Marit Glærum
I Trøndelag er det 30 eigarar som vil selje kumjølkkvoten, til saman gir det eit volum på 1 740 000 liter. Foto: Marit Glærum

Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2022. Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion og kor mykje dei søker om å selje til staten (avrunda til nærmaste 1 000).

Tala i 2022 er på nivå med 2021, etter nokre år med høg omsetning, skriv Landbruksdirektoratet.

Søknadar om sal av grunnkvote kumjølk

Agder (tal søknader og volum) 3, 100 000 liter

Møre og Romsdal 17, 792 000 liter

Nordland 6, 257 000 liter

Oslo og tidligere Akershus 3, 155 000 liter

Rogaland 12, 422 000 liter

Tidligere Buskerud fylke 3, 125 000 liter

Tidligere Finnmark fylke 2, 152 000 liter

Tidligere Hedmark fylke 5, 172 000 liter

Tidligere Oppland fylke 6, 175 000 liter

Annonse

Tidligere Troms fylke 4, 225 000 liter

Tidligere Østfold, Vestfold 3, 239 000 liter

Trøndelag 30, 1 740 000 liter

Vestland 14, 396 000 liter

Totalt 108, 4 950 000 liter

Geitemjølk: Det er sju eigarar av grunnkvote som har søkt om å selje kvoten, til saman 151 000 liter. Foto: Karl Erik Berge
Geitemjølk: Det er sju eigarar av grunnkvote som har søkt om å selje kvoten, til saman 151 000 liter. Foto: Karl Erik Berge

Søknadar om sal av grunnkvote geitemjølk

Nord-Norge 2, 51 000 liter, Sør-Norge 5, 100 000 liter

Totalt 7, 151 000 liter

Endelege tal i oktober

Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal og vil kome tilbake med endelege tal i oktober, så snart alle søknadane, dispensasjonar og eventuelle klager er ferdig handsama.

Den mengda kumjølkkvote som vert selt til staten vil i år seljast til kjøparar innanfor produksjonsregionen. Søknadsfristen for kjøp av grunnkvote ku er 1. oktober.

Det er ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2022.

Neste artikkel

Borch: – Ikke gjort egne vurderinger