Flor er fine og funksjonelle arbeidskler for kvinner i aktive yrke. Selskapet blei stifta i 2018 av sauebonde Kristin Lemme med fleire, og Kristin er dagleg leiar.
Kleda er særleg inn mot kvinner i landbruket.
No bruker stadig fleire kler frå Flor i barnehagar, skular, varehus og innanfor transport.
Skal starte folkefinansiering
– Vi skal starte med ein kampanje om folkefinansiering, saman med Folkeinvest, i februar. Målet er å skaffe frisk kapital til utvikling, tilsette fleire og satse større. Det er interesse for å bli med, og vi skal bruke pengane til å få fleire med, seier Kristin Lemme.
Kvinnelege gründarar og eigarar av små verksender kunne søke om stipendprogrammet Visa She's Next – eit program med mål om å gjere det enklare auke for kvinner og betre tilgangen til ekstern finansiering.
I mars utvidar Flor med fleire håndtverkskler, for kvinner i mange aktive yrke. Plagga skal tole harde arbeidsøkter, i tillegg er det tatt omsyn til komfort, snitt og at ein kan bevege seg lett, skriv selskapet.
– Vi har ambisjonar om å komme inn i bygg- og anleggsbransjen, for å ha fleire bein å stå på. Vi kjem framleis til å satse på landbruket, det var jo det det starta, seier sauebonden.
Kleda blir teikna og forma på Voss, og sydde i Baltikum og i Kina. Selskapet har tre tilsette og butikk på Voss, og dessutan nettbutikk.
Får coaching
I tillegg til 10 000 euro (ca 105 000 kroner) får Flor personleg coaching gjennom den globale finansieringsplattforma IFundWomen.
– Det kan bli veldig nyttig, og kan gjere oss betre innanfor økonomi og marknadsføring, seier Flor-leiaren.
Det er tre stipendvinnarar. Vanessa Krogh og Cornelia Øiestad står bak Villbrygg, som lagar alkoholfrie drikker av ville vekstar, ugras, urter og bær.
Janne Nesset-Kristiansen og firmaet Smart organisering, som organiserer heimen din, er tredje vinnar.