Marknadsregulator Felleskjøpet Agri skriv i ei pressemelding at de har utarbeidd den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2021/2022.
Prognosen er basert på estimat av areal og avling pr. dekar og tilseier ein tilgang av norsk korn og proteinvekstar som er litt over fjoråret og 10 % over femårssnittet. Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data.
Med den gode tilgangen av proteinsterk matkveite, er det grunn til å vente at det blir behov for regulering av slik vare i form av overlagring til 2022/2023, skriv Felleskjøpet.
Haustkveitesorten Ozon vil for ein stor del bli overskytande på grunn av kvalitetseigenskapane og det blir eit overskott som kan regulerast til bruk i kraftfôr. Kornhandlarane vil frå neste sesong ikkje kjøpe denne sorten som matkorn.