Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felde og Nernæs skal leie Vestland Bondelag

På skipingsmøtet til Vestland Bondelag vart nordfjordingen Anders Felde vald til leiar i Vestland Bondelag. Felde får med seg Peder Nernæs frå Kvam herad til nestleiar.

Mjølkebøndene Anders Felde og Peder Nernæs skal leie Vestland Bondelag framover. Dei har lang erfaring som tillitsvalde i Bondelaget. Foto: Vestland Bondelag
Mjølkebøndene Anders Felde og Peder Nernæs skal leie Vestland Bondelag framover. Dei har lang erfaring som tillitsvalde i Bondelaget. Foto: Vestland Bondelag

Vestland Bondelag har fått ein dyktig leiarduo, skriv det nye fylkeslaget i ei pressemelding.

– Eg gler meg til å jobbe for å betre vestlandsbonden sine rammevilkår. Eg har med meg ein dyktig nestleiar og eit engasjert og dyktig fylkesstyre i arbeidet, så eg tek til på arbeidet med stor motivasjon, seier Anders Felde.

Saman skal vi gjere ein god jobb på vegne av vestlandsbonden, meiner den nye fylkesleiaren.

– Skal vi klare det, vil dialogen med lokallaga og medlemene vere avgjerande, så nøl ikkje med å ta kontakt, seier Felde.

Vil ha med fleire på laget

Peder Nernæs ser fram til vidare arbeid saman med eit særs godt samansett styre.

– Vestland Bondelag skal vere den fremste representanten for bøndene i Vestland. I tillegg vil vi gjerne ha med oss alle som er knytt til matproduksjonen, eller støttar arbeider vårt for norsk landbruk og levande bygder. Dette blir bra, skriv Nernæs på si FB-side.

Bartnes gratulerte digitalt

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes heldt innlegg på skipingsmøte til Vestland Bondelag.

Annonse

– Gratulerer med samanslåing og gratulerer til nytt styre. Det blir eit spanande arbeidsår for dykk, for sjølv om det ikkje er lenge til eit ordinært årsmøte, så skal de danne grunnlaget for det nye fylkeslaget.

Bartnes tok tilhøyrarane gjennom eit innlegg om landbrukspolitikk og viktige problemstillingar for bonden, skriv Vestland Bondelag.

– Vi nærmar oss eit stortingsval og då er det viktig for oss at forsamlinga blir sett saman på ein god måte. Ser ein på det alternative statsbudsjettet til Frp, ser ein kor viktig det har vore for bonden at det har vore sentrumsparti i regjeringa, sa Bartnes.

Det forenkla jordbruksoppgjeret har fått mykje merksemd i næringa. For jordbruksforhandlingane i 2021 har ein som mål å gjennomføre eit grundig og godt jordbruksoppgjer, påpeika Bartnes.

– Her skal det forhandlast på alle vanlege tema. Det er vanskeleg å spå situasjonen våren 2021, men dette er ambisjonen vår. Mange viktige tema skal opp mellom anna kvoteordninga for mjølk som blir sentral, sa Bartnes.

Det nye styret

Øvrige styremedlemer i Vestland Bondelag er:

Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag, Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag, Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag, Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag, Lars Bø, Voss Bondelag, Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag og Marianne Nordhus, Halsnøy Bondelag.

Varamedlemer er: Olav Myhr, Eikanger Bondelag, Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag og Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag.

Neste artikkel

Viken viser vei i klimakampen