Kommunar som opplever interesse- og arealbrukskonfliktar knytt til tette hjortebestander, kan søkje Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv for jaktåret 2022/2023.
Er det hjortevald som ønskjer å søkje må dei ta kontakt med landbruksforvaltninga. Det er kommunen som innan 10. august må søkje Miljødirektoratet på vegne av hjortevaldet.
– Vi har altfor mykje hjort. Bondelaget har i lengre tid etterlyst sterkare verkemiddel for å redusere hjortebestanden det er difor svært gledeleg at utfordringane kring hjort vert teke på alvor, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, i ei pressemelding.
Kan skyte alle hjortekalvar
Vestland Bodelag ser på dette som ein god start.
– Tiltaket om kvotefri avskyting av hjortekalv for 2022/2023 er bra, då det betyr at grunneigaren kan skyte alle hjortekalvar på eigen eigedom i jaktperioden, seier fylkesleiaren.
Vestland har ein hjortebestand bonden ikkje har råd til å behalde, som i tillegg er på veg til å gå utover dyrevelferda til hjorten, meiner Felde. Ei veksande hjortestamme skapar i tillegg interesse- og arealbrukskonfliktar.
For å avgrense dette ønska LMD å legge til rette for kvotefri jakt på hjortekalv, og bad Miljødirektoratet legge til rette.
– Eg håpar også at dette kan bidra til å dempe konflikten mellom aktive og passive grunneigarar. Dette er første steg i rett retning. Vi søkte også om fri avskyting av ungdyr, men det fekk vi ikkje gjennomslag for i denne omgang, seier Felde.
Vil ha fleire verkemiddel
Han forventar at fleire tiltak vil kome, då hjortestamma er for stor.
– Vi ser også auka tal trafikkulukker der hjort er involvert. Dette går ikkje lengre, Bondelaget skal halde fram å jobbe for at fleire og sterkare verkemiddel kjem på plass, seier Anders Felde.