Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felde: – Første steg for auka sjølvforsyning

Regjeringspartia og SV er samde om revidert nasjonalbudsjett. Partia skal blant ann vurdere overgang frå kronetoll til prosenttoll for ei rekke jordbruksvarer

Anders Felde forventar at tollgrepa vert gjeldande frå 2023, og at det vil gjelde fleire tollgrupper enn det budsjettsemja syner til. Foto: Privat
Anders Felde forventar at tollgrepa vert gjeldande frå 2023, og at det vil gjelde fleire tollgrupper enn det budsjettsemja syner til. Foto: Privat

– Dette er veldig bra, og eit viktig første steg for auka sjølvforsyning, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, i ei pressemelding.

– Dette sikrar konkurransekraft til råvarer som er produsert med betre dyrevelferd, lågare bruk av bruk av medisin og plantevern, som er eit berekraftig landbruk, legg han til.

Felde forventar at tollgrepa vert gjeldande frå 2023, og at det vil gjelde fleire tollgrupper enn det budsjettsemja syner til.

– Kvart land har eit ansvar for å sikre størst mogeleg matproduksjon til eiga befolkning.

Felde er positiv til at budsjettpartnarane vurderer å skrote/nedskalere dei største, nye satsingane på motorveg.

Felde forklarar at det er avgjerande med betre, og sikrare vegar i distrikta. Der er det stor råvareproduksjon. Det gjeld både frå jordbruk, skog og hav. Han vil verne om eit landbruk over heile landet, og beskytte den norske matproduksjonen.

– Dei bøndene som har svakast økonomi, er dei som har bygd nye fjøs og satsa. Dei har store lån. For denne gruppa er det heilt avgjerande med ein ansvarleg pengepolitikk, som held rentenivået nede. Dette ser ut til å vere prioritert av budsjettpartnarane, seier Felde.

Neste artikkel

Vestland gir ti millionar til lausdriftsfjøs