Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fekk besøk av kattugle i kufjøset

Magnus A. Sunde fekk seg litt av ei overrasking i mjølkefjøset onsdag. Ei kattugle hadde komme seg inn døra til mjølkerommet.

Ei kattugle tok turen innom fjøset til Magnus A. Sunde i Naustdal denne veka. Kattugla er ei typisk nattugle. På dagtid set ho vanlegvis stille. Foto: Magnus A. Sunde

– Når eg først hadde fått ugla på besøk, og ho hadde hamna inne i mjølkerommet med døra igjen, ja so måtte eg prøve å ta bilete av ugla før eg opna døra til fridomen, seier Magnus A. Sunde.

Han tok bilete på ca. ein meter avstand med mobiltelefonen.

Har hatt uglebesøk før

Men det er ikkje fyrste gongen mjølkebonden i Naustdal har opplevd kattugle på nært hald.

– For nokre år sidan hadde eg kattugle på besøk på låven og i fjøset på etterjulsvinteren, så eg var kanskje ikkje så «sjokkert» denne gangen. Det som har overraska meg mest, er den heilt uventa responsen av biletet på Facebook. Eg la ut saka på «Venner av norsk landbruk» og hadde kanskje forventa 20 likes og 2–3 kommentar, men no er det meir enn 1500 likes og over 65 kommentarar til saka. Alle er positive, det er ingen som er negatve, seier Sunde.

– I desse «ulvetider» er det kjekt at det er noko som kan «foreine» på Venner av norsk landbruk, legg han til.

Annonse

Tett på skogen

Sunde har 14-15 mjølkekyr og driv også med framfôring av kalvar. Garden hans ligg tett inn til skogen på fleire kantar, og det er eit rikt dyreliv tett på, fortel han.

– Det er bra med ugler i området her. I tillegg ser vi hjort, eg såg ein for få dagar sidan tett på huset, og andre dyr. Eg såg blant anna ein røyskatt då eg skulle hente posten her om dagen, seier Sunde.

Hoene er størst

Kattugle veg frå 450 til 600 gram, og kroppslengda er cirka 40 centimeter. Hoa er markert størst, som hos alle ugler, skriv Store norske leksikon.

Saman med den mykje større slagugla, er kattugla den einaste av våre ugler med svarte auge.

Kattuglene er kjent for å halde seg på ein stad, og held seg i hekketerritoriet gjennom heile året. Ungfuglane etablerer seg vanlegvis i nærleiken av oppvekstområdet.

Kattuglene hekkar oftast i hole tre, men også i store fuglekassar. Av og til kan også kråke- eller skjorereir fungere som reirplass, skriv snl.no.

Neste artikkel

Ikke offensiv nok – fikk avslag på byggestøtte