Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fann skabb på to avliva revar i Alta

To raudrev, som vart avliva i samband med at ein rev gjekk til åtak på eit barn i ei barnevogn i Alta, var begge hardt angrepne av reveskabb.

Skabb er velkjent hos raudrev. På slutten av 1970-talet og 80-talet vart raudrevbestanden i Noreg kraftig redusert på grunn av denne sjukdommen. Foto: Jon Hagelin

Sidan desse to revane kunne vera ein av dei som gjekk til åtak på eit barn i ei barnevogn, så undersøkte Veterinærinstituttet dei òg rutinemesseg for rabies. Prøvane frå begge revane var negative, skriv Veterinærinstituttet.

– Obduksjonen viste at dei to revane hadde mista svært mykje av pelsen. Det var store område med omfattande skorpedanningar i huda, og dei var avmagra. Dette er typiske teikn hos rev som har skabb, seier Turid Vikøren, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.

Kan smitte til andre hundedyr

Skabb er ein hudsjukdom som er årsaka av midden Sarcoptes scabiei. Reveskabb kan smitta frå rev til andre hundedyr. Sjukdommen er påvist hos gaupe og ulv her i landet og det er også rapportert nokre få tilfelle hos mår og grevling.

Annonse

Reveskabb kan også gi moderat kortvarig kløe (cirka 2 veker) og utslett hos mennesker. Dette vert kalla «pseudoskabb». Reveskabb smittar ikkje vidare frå menneske.

– Smitte av skabb mellom dyr skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom dyr, men kan og skje ved kadaver-eting (til dømes frå rev til ulv) eller ved indirekte kontakt med smitta materiale i miljøet, seier Vikøren.

Mattilsynet vil ha varsling

Skabb er velkjent hos raudrev. På slutten av 1970-talet og 80-talet vart raudrevbestanden i Noreg kraftig redusert på grunn av denne sjukdommen.

Fastlands-Norge er erklært fri for rabies, men rabies vert frå tid til anna påvist hos fjellrev og reinsdyr på Svalbard.

Mattilsynet vil ha melding om sjølvdøde revar i området, og ber publikum melde frå om rev som har skabb eller er sjuk eller skada.

Neste artikkel

Håndteringen av mædi vil bli ressurskrevende og ta tid