Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU koordinerer transport av korn frå Ukraina

I Ukraina er det rundt 40 millionar tonn korn på lager enno. Halvparten av dette må tømmast, for å gi plass til kommande avlingar.

Ukraina er eit rikt jordbruksland, og ligg i det såkalla svartjordsbeltet. På dei ukrainske steppene blir det mellom anna dyrka korn, mais, poteter og sukkerbete. Illustrasjonsfoto: Norsk Landbruk
Ukraina er eit rikt jordbruksland, og ligg i det såkalla svartjordsbeltet. På dei ukrainske steppene blir det mellom anna dyrka korn, mais, poteter og sukkerbete. Illustrasjonsfoto: Norsk Landbruk

– Det trengst rundt 10 000 lektarar og nesten 300 store lasteskip for å transportere 20 millionar tonn korn. Oppgåva som ventar er gigantisk, konstaterer Adina Valean, EUs transportkommisjonar, på ein pressekonferanse torsdag.

EU-kommisjonen prøver å samordne land for å få til transport inn og ut av Ukraina fordi Russland blokkerer hamner ved Svartehavet, skriv ATL i Sverige.

Normalt eksporterer Ukraina 75 prosent av sin kornproduksjon. Handelen står for rundt 20 prosent av landet sine eksport inntekter.

Omlasting til tog

Før krigen stod landet for heile 14 prosent av verdas kornproduksjon, ifølge det amerikanske Landbruksdepartementet.

No treng landet lagerkapasitet for kommande kornsesong. Det siste tiåret har ukrainske bønder produsert stadig meir korn.

Firma med køyretøy og maskiner, som kan brukast til å laste om ved grensa, blir oppfordra til å gjere desse tilgjengelege. Dei trengst til omlasting til tog.

Annonse

Smalare jernbanespor

Jernbanenettet på EU-sida har smalare spor og det er i dag køtid på 16 dagar for omlasting. EU-kommisjonen oppfordrar no at ein prioriterer last frå Ukraina.

Transport med lastebil og båt har andre utfordringar. EU-kommisjonen undersøker moglegheiter for å gi tryggleiksgarantiar for selskap å køyre inn i det krigsherja landet.

EU-landa er oppfordra til å gjere grensekontrollen så effektiv som mogleg, og ledig lagringskapasitet i EU skal og kartleggast.

Neste artikkel

Kornavtalen forlenges med fire måneder