Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrsku'n og Hanen skal samarbeide

Dyrsku'n Arrangement AS inngår samarbeid med næringsorganisasjonen Hanen for å satse vidare med lokalmat på Dyrsku'n.

– Interessa for norsk mat har hatt ei formidabel utvikling blant gjestene våre og Dyrsku'n har hatt fokus på å syne det store mangfaldet innanfor norsk mat, gjennom ein god kombinasjon av både veletablerte og nye verksemder. Det er utruleg gjevande og meiningsfullt å kunne vere med på å styrke norsk landbruk og å fremje den fantastiske norske maten, seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen i ei pressemelding.

Dyrsku'n samarbeider allereie breitt med ulike organisasjonar innanfor norsk mat og landbruk. Dei var tidleg ute med å fremje lokalmatprodusentar gjennom etablering av Matkvartalet i år 2000.

Annonse

Saman skal vi bli enda betre til å fortelje den norske forbrukaren om den norske maten, som er noko av det ypparste i verda, meiner Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen.

– Dyrsku'n er ein nasjonal arena med eit stort potensial for å bli fylt med enda meir av all den gode maten og drikka som engasjerte bønder produserer i dag, seier han.

Neste artikkel

Lokalmat er ferievinnar