Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrsku'n 2020 avlyst

Dyrsku'n i Seljord avlyst for fyrste gong.

Dyrsku'n har vore arrangert kvart år sidan 1866, men i år blir det avlyst. Her ser vi ei fager og flott telemarksku. (Arkivfoto: Stian Eide)
Dyrsku'n har vore arrangert kvart år sidan 1866, men i år blir det avlyst. Her ser vi ei fager og flott telemarksku. (Arkivfoto: Stian Eide)

Framleis gjeld forskriftsforbodet mot store arrangement, og med dette er årets Dyrsku’n 11.–13. september avlyst, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Det blir fyrste gong det tradisjonsrike arrangementet, som har vore arrangert ei ubroten rekke sidan 1866, ikkje skal gå av stabelen.

«Det er med særs tungt hjarte vi må formidle at Dyrsku'n 2020 er avlyst. Vi har håpa i det lengste på eit anna utfall, men det er klart omsyn til liv og helse må gå fyrst. Regjeringa fastheldt på pressekonferansen 28. mai at større arrangement kan medføre risiko for store smitteutbrot og derfor blir ikkje arrangement som Dyrsku'n lovleg. Sjølv om situasjonen kan sjå både betre eller verre ut når det gjeld smittespreiinga av Covid-19 når vi kjem til september, gjer gjeldande forskriftsreglar og krav om smitteverntiltak for arrangement gjeldande for heile 2020. Det er uforsvarleg og umogleg å arrangere Dyrsku'n i 2020», heiter det i pressemeldinga.

– Trist og surrealistisk

Omsetjingstapet for Dyrskuplassen vil bli kring 70 millionar kroner. Situasjonen er utfordrande, skriv arrangørane.

– Vi håpar sjølvsagt på langt betre kompensasjonsordningar og støtte frå staten i ei krevjande tid. Det er både trist og surrealistisk å skulle avlyse Dyrsku'n, men vi tar naturlegvis vår del av samfunnsansvaret og rettar no blikket mot 2021, seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Viktig med info no

Sjølv om det er ufatteleg trist å avlyse årets arrangement, er vi glade for å kunne gje våre mange viktige samarbeidspartnarar og gjester informasjon i høve vidare planlegging, skriv arrangørane.

Aslak Snarteland er styreleiar i Dyrsku'n og Dyrskuplassen. Snarteland er og leiar i Telemark Landbruksselskap og i Telemark Bondelag.

Annonse

– Det er utruleg uheldig at Dyrsku'n blir avlyst. Dyrsku'n er ein møteplass for både bonde og forbrukar og er særs viktig for oss i landbruket. Eg håpar verkeleg staten kjenner si besøkelsestid ovanfor Dyrsku'n i denne uverkelege tida. Eg klarar knapt å forstå at me ikkje skal på Dyrsku'n i september, seier Snarteland.

Arrangementet samlar årleg kring 90 000 besøkande og over 800 utstillarar frå heile Noreg.

For lag og foreiningar vil eit år utan aktivitet på Dyrskuplassen merkast godt. Dyrsku'n genererer kring 10 millionar kroner til lokale og regionale lag og foreiningar.

– Vil få store konsekvensar for Seljord

Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide er bekymra for korleis Korona-krisa vil påverke Seljordsamfunnet.

– Det er klart eg tenker mykje på konsekvensane for lokale arbeidsplassar, spesielt innanfor handel og reiseliv», seier Dahl Eide.

Tal innhenta frå Telemark Næringshage syner førebels ein estimert reduksjon i omsetjinga i lokal handel på fleire 100 millionar kroner.

– I Seljord er tidsrekninga før og etter Dyrsku'n. Vi har mange heilårsarbeidsplassar knytt til aktivitetane på Dyrskuplassen, så konsekvensane for samfunnet vårt vil bli store, og Seljord blir særs hardt ramma. Det er avgjerande at staten no bidreg med kapital så vi kan sikre både arbeidsplassar og friviljug sektor. Lag og foreiningar har ei særleg viktig stilling i samfunnet vårt, og dei missar no heilt grunnleggande inntekter, seier Seljord-ordføraren.

Neste artikkel

Slik rammer Nortura-planen