Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dramatisk sauesanking for Ivar

8. desember i fjor tok Ivar Riise turen etter sauer i høgfjellet, etter at sauer var sett på nordsida av Tveitakvitingen i Hardanger, 1299 moh. Det vart ein tur han vil hugse.

Frå Sola: Det var SAR Queen frå Hovedredningssentralen på Sola (HRS) som fann Ivar Riise i høgfjellet i Hardanger. (Illustrasjonsfoto: Ole Andreas Vekve/Forsvaret)
Frå Sola: Det var SAR Queen frå Hovedredningssentralen på Sola (HRS) som fann Ivar Riise i høgfjellet i Hardanger. (Illustrasjonsfoto: Ole Andreas Vekve/Forsvaret)

Ivar Riise i Strandebarm (72) har alltid likt seg i fjellet, og på saueleit om hausten har han vore sidan gutedagane. Denne dagen køyrde han til inst i Øvre Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune, for å gå inn Tveitaskaret mot høgfjellet. Skaret er noko steinete og ca. 5–6 km langt.

– Dagane er korte på denne tida av året, så eg starta å gå i sjutida om morgonen. Det var litt snø oppover i skaret. Slik var det også for ein del år sidan, og då fann eg tre dyr i november, langt oppe i skaret, fortel Ivar.

Hadde med truger

Straks før toppen av skaret, auka snøen på, og herifrå gjekk Iver på truger. Vêret var ikkje så verst, men det kom ei og anna vindråse, forklarer han.

– Så bar det ned i eit anna skar før eg gjekk i austleg retning mot Krokavatnet. Her kom vinden rett imot, og auka på med snødrev frå minimal til null sikt. Klokka var no blitt rundt to og magefølelsen min seier eg bør stoppa, før eg vart utarma. Eg prøvde telefonen, men her var det ingen dekning, seier han.

Fjellvant: Ivar Riise likar seg i fjellet og har gått mykje på sauesanking. Han hjelper fleire bønder i bygda med å få sauene heim om hausten. (Foto: Linda Lid)
Fjellvant: Ivar Riise likar seg i fjellet og har gått mykje på sauesanking. Han hjelper fleire bønder i bygda med å få sauene heim om hausten. (Foto: Linda Lid)

Ivar fekk på seg alt han hadde av klede i sekken, for han visste at det kom til å verta kaldt. Han hadde innsett at natta kom til å bli her, ved Krokavatnet 930 moh.

Laga levegg mot vinden

No gjaldt det å få tak i snøflak for å laga levegg mot vinden.

Tveitakvitingen

Tveitakvitingen 1299 moh. er den høgaste fjelltoppen i Samnanger og Bjørnafjorden kommune i Vestland. Om sommaren går det sauer på beite i Kvitingsdalen og områda rundt fjelltoppen.

Det er populært å gå på skitur til Tveitakvitingen vinterstid. På toppen er det god utsikt mot havet og austover mot Hardangerfjorden og Folgefonna.

– Eg fann ein tilblåsen snøvegg, og så var det å spa ut snøflak. Spade hadde eg ikkje med, så eg spadde med trugene. Det gjekk sånn nokolunde, sjølv om mange av flaka gjekk sund. Litt ly fekk eg no, men det var kaldt likevel. Eg var fuktig på beina, og frys ein på beina, er alt kaldt, forklarer han.

Ivar laga seg ein liten «joggetrasé» på 10–15 meter der han sprang att og fram når det vart for kaldt. Men natta kunne blitt lang, innrømmer sauesankaren.

Leita opp bilen

I slike stunder er det bra å ha gode vener, naboar eller familie som tek affære.

Norge har to hovedredningssentraler, på Sola og i Bodø, med kvart sitt ansvarsområde. Hovedredningssentralen for Sør-Norge sitt ansvarsområde går frå Skagerrak og opp til 65 grader nord. (Foto: Omar Digernes Aase/Forsvaret)
Norge har to hovedredningssentraler, på Sola og i Bodø, med kvart sitt ansvarsområde. Hovedredningssentralen for Sør-Norge sitt ansvarsområde går frå Skagerrak og opp til 65 grader nord. (Foto: Omar Digernes Aase/Forsvaret)

– Eg er nok ikkje av dei flinkaste til å melde frå kor turen går. Det blir ofte «turar på sparket».. Folk heime ringde meg gong etter gong, etter at det var blitt mørkt, men utan å få respons. Nokon kjenner vanane mine betre enn andre, så no var spørsmålet – kor er bilen? fortel Ivar.

Ikkje var bilen heime, og ikkje var han der han vanlegvis står når Ivar fer til fjells frå heimbygda. Då vart neste skritt å kontakta kjentfolk i Hålandsdalen for å sjå etter bilen der.

Dei fann etter kvart den parkerte bilen og då vart det handla raskt. Rundt kl. 21 om kvelden svirra helikopteret frå Hovedredningssentralen ved Tveitakvitingen.

Såg lykta

– Eg hadde hovudlykt med nye batteri, så eg vart oppdaga ganske kjapt. Det var ein fin følelse når redningsmannen kom ned i lina, hukka tak i meg, og me vart heiste opp i helikopteret. Her vanka det varm toddy og Kvikk Lunsj, og straks etter landa me ned i dalen, fortel Ivar og legg til:

– All takk og ros til Hovedredningssentralen, politiet, Solfrid, Tor Kristian, Per, Oddmund og Bjarte.

På spørsmål om han er blitt skremd av slike sanketurar i høgfjellet, svarer den spreke fjellkaren:

– Nei, hendinga har ikkje skremt meg, men eg blir nok meir obs på å ha ekstra utstyr i sekken, og bli flinkare til å melda ifrå kor turen går, særleg på lange turar.

Alarmen gjekk på Sola

Klokka 19:26 gjekk alarmen hos Hovedredningssentralen på Sola (HRS). Det var Vest politidistrikt som tok kontakt, og helikopteret gjekk i lufta like etterpå, fortel redningsleiar for HRS Sør-Norge, Torgeir Espedal.

– Helikopteret kom fram og gjorde eit grovt søk i fjellet før personen vart funnen ganske raskt, klokka 21:21. Mannskapet flyr med nattbriller og det gjer at dei kan sjå ein person som har lykt eller redningsvest, på lang avstand, forklarer redningsleiaren.

Redningshelikoptera har i tillegg søkeapparat, som kan spora opp og lokalisera mobiltelefonar, og varmesøkjande kamera.

– Ved å peila signalet frå ein mobiltelefon, kan ein raskt finna fram til sakna personar. Peilaren er godt eigna for søk i aude fjellområde. Telefonen treng ikkje ha dekning, men han må ha straum. Derfor kan det vera lurt å ha med seg ekstra batterikapasitet på tur, seier Espedal og legg til:

– Tåke og dårleg sikt kan stoppe helikopter i leitinga, det er ei utfordring. Elles har vi mange smarte triks for å leite opp sakna personar.

Neste artikkel

Vestland gir ti millionar til lausdriftsfjøs