Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Dette er Erna si skuld

Vi er skuffa og sinte, men det verkar ikkje som regjeringa har forstått alvoret i situasjonen, meiner Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Møkk på trappa: Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, og kollegaer aksjonerte ved å tømme eit lass med møkk utanfor rådhuset til Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde. Foto: Hanne Lisbeth Nybø, Vestland Bondelag
Møkk på trappa: Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, og kollegaer aksjonerte ved å tømme eit lass med møkk utanfor rådhuset til Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde. Foto: Hanne Lisbeth Nybø, Vestland Bondelag

Vestland Bondelag har akkurat levert eit møkkalass på rådhustrappa i Sunnfjord kommue. Se video lengre ned i saken.

KrF har gjort ein god jobb for landbruket i mange år, men tilbudet som kom denne veka var ein stor nedtur, meiner Anders Felde.

Det er statsministeren som må ta ansvaret, meiner Anders Felde.
Det er statsministeren som må ta ansvaret, meiner Anders Felde.

– Det er ein tung dag. Det er tungt å bryte, og dette vil få konsekvensar for KrF. Det er statsminister Erna Solberg sin feil. Det er Solberg som ikkje vil skape ei framtid for norske bønder og norsk landbruk. Det er statsministeren som må ta ansvaret, seier fylkesleiaren.

Felde meiner det er ein skandale å snakke om søtsaker, slik Solberg gjorde, når mattryggleik står på dagsordenen i Stortinget.

Eit skikkeleg inntektsløft må på plass for at inntektsgapet til andre grupper skal verte redusert, meiner han.

Annonse

– Samstundes er ein investeringspakke heilt nødvendig, for at mjølke- og storfebønder i Vestland og resten av Norge skal kunne klare det store løftet det er å bygge om fjøsa frå bås til lausdrift.

Mange slitne bønder

Det er alvor no, meiner Felde.

– Det er mange bønder som slit med økonomien og som er utslitne av alt arbeidet og lange dagar, seier han.

– Dei mindre mjølkebruka har ikkje økonomiske musklar til å innfri Stortinget sitt krav, utan styrka investeringsverkemidlar. Det var det ikkje mogleg å få til med regjeringa sitt tilbod, legg han til.

Feil retning

Jordbruket leverte eit krav som ville føre landbruket i ein annan retning enn den regjeringa har ført dei siste åra, meiner Felde.

– Det handlar om å ta grep for at bonden skal kunne halde fram med å dyrke jorda og vere til stades over heile landet. Det trengst eit heilt nødvendig inntektsløft, som eit første steg på vegen for å redusere inntektsgapet og heve inntektsnivået i jordbruket, seier Anders Felde.

Neste artikkel

– Det er en helt annen verden nå