Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den klassiske mjølkebonden i Vestland blir for liten

Nibio-tal: Gjennomsnittleg investeringskostnad per ku varierer frå 474 000 kroner ved 15 dyr, til 289 000 kroner ved 50 dyr. (Foto: Karl Erik Berge)
Nibio-tal: Gjennomsnittleg investeringskostnad per ku varierer frå 474 000 kroner ved 15 dyr, til 289 000 kroner ved 50 dyr. (Foto: Karl Erik Berge)

På oppdrag frå landbruksnæringa i Vestland, har Nibio undersøkt kva konsekvensane av nytt regelverk kan bli for mjølkeproduksjonen i fylket. Tala viser at fleire enn 700 mjølkeprodusentar i Vestland ikkje tilfredsstiller krava om lausdrift som vil gjelde frå 2034.

Det vil seie at like mange bønder må ta stilling til om dei kan og vil investere i nytt fjøs, eller om dei vil avslutte drifta. Robotmjølking er ofte ein del av omlegginga. For mange vil nye reglar medføre så store investeringar at dei vel å leggje ned.

– Skal fylket halde oppe sin del av den nasjonale produksjonen i framtida, må det investerast mellom 2,5 og 2,8 mrd. kroner fram mot overgangen, seier Torbjørn Haukås, seniorrådgivar i Nibio. Han har leia arbeidet med spørjeundersøking og analysar.

For den enkelte bonde vil investeringane i lausdriftsfjøs variere med individuelle val – mellom anna av talet på dyr, materialar og teknologi. Lågaste overslag er for 15 kyr som gir 6,3 mill. kroner i investering ved mjølkestall og 7,1 mill. kroner dersom ein vel mjølkerobot. For 50 kyr og mjølkerobot er investeringa rekna å bli 14,5 mill. kroner.

38 prosent av bruka i Vestland hadde færre enn 15 kyr i 2018, les vi i rapporten. Desse bruka hadde 18 prosent av kyrne. 20 prosent av bruka hadde buskapar på meir enn 30 kyr og totalt hadde dei 43 prosent av kyrne. Små og mellomstore bruk er ofte definert som bruk mellom 15 og 30 kyr.

– Dei fleste som oppgraderer fjøs i dag, satsar på robotmjølking. Slik vilkåra var i 2019, kravde det opp mot 30 årskyr og mjølkekvote på minst 200 000 liter for at det skulle bli økonomi i prosjekta, seier Haukås.

Tal viser at det i dag ikkje er lønsamt å byggje nytt lausdriftsfjøs for buskapar under 35 kyr. Gjennomsnittleg investeringskostnad per ku varierer frå 474 000 kroner ved 15 dyr, til 289 000 kroner ved 50 dyr.

Dersom det er råd å byggje om eller byggje på eksisterande fjøs, vil ein komme rimelegare frå det.

– Små og mellomstore mjølkebruk er typisk for Vestland fylke. Inntekta frå eit vestlandsk gjennomsnittsbruk, med båsfjøs på 14 mjølkekyr, kan ikkje forsvara investeringane som følgjer lausdriftskravet, seier rådgivaren.

Indirekte vil det seie at den klassiske mjølkebonden i Vestland blir for liten til å oppfylle økonomien som trengst. Tilgang på rimeleg areal og mjølkekvote i nabolaget vil vere viktig for vurderinga om å halde fram.

Rapporten viser også utrekningar der ein aukar investeringstilskot for å leggje til rette for lønsemd også ved mindre buskapar enn 35.

Neste artikkel

Agribiotix vil lage medisiner av grønnsaker, ost og yoghurt