Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Budsjettnemnda manglar sikre data

Usikkerheita er stor når grunnlaget for årets jordbruksoppgjer blir lagt fram i dag. Totalkalkylen, som er kjernen i grunnlaget, er ikkje med.

Vanlegvis er referansebruka sentrale i forhandlingane. Det er fordi bruka viser faktiske og forventa inntekter for ulike typar produksjonar, bruksstørrelsar og geografiske område i jordbruket. (Foto: Karl Erik Berge)
Vanlegvis er referansebruka sentrale i forhandlingane. Det er fordi bruka viser faktiske og forventa inntekter for ulike typar produksjonar, bruksstørrelsar og geografiske område i jordbruket. (Foto: Karl Erik Berge)

Normalt legg Budsjettnemnda fram ulike berekningar i treårige seriar basert på reviderte rekneskapstal (to år tilbake), foreløpige rekneskapstal (for fjoråret) og budsjetterte tal for inneverande år, skriv Nibio.

– På grunn av uvanleg stor usikkerheit knytt til makroøkonomiske data som valuta, rente, prisutvikling og lønn, inneheld ikkje grunnlaget budsjettanslag for 2020. Referansebruksberekningar er heller ikkje utarbeidd, seier Lars Johan Rustad, avdelingsleiar i Nibio.

Rustad leier avdeling Landbruksøkonomisk analyse som er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket.

Inntektsnedgang frå 2018 til 2019

Årets grunnlag viser at bonden si inntekt gjekk ned med 6,2 prosent i 2019 samanlikna med 2018, basert på foreløpige rekneskapstal, skriv Nibio.

– Rekna per årsverk, fekk den enkelte bonde 23 200 kroner mindre i vederlag til arbeid og eigenkapital i 2019 enn året før. Det gav ei inntekt på 353 800 kroner mot 377 000 kroner i 2018 når ein legg normaliserte tal til grunn, forklarer Lars Johan Rustad.

Blant dei større faktorane som trekkjer resultatet ned, finn vi reduserte inntekter frå mjølk og kjøt som gav 18 000 kroner lågare inntekt per årsverk i 2019 enn i 2018.

Annonse

Prognosar frå SSB

Budsjettnemnda nyttar vanlegvis SSB sine marsprognosar av «Konjunkturtendensene» som kjelde for mange berekningar.

I år er ikkje denne SSB-rapporten publisert som følgje av den usikre situasjonen.

– Også innan ein del produksjonar er usikkerheita stor. Til dømes er tilgang til innleigd utanlandsk arbeidskraft utfordrande for grøntsektoren. Koronasituasjonen kan og gi ulike utslag på etterspurnad etter varer. Stopp i grensehandel kan verke positivt inn, medan full stans i hotell- og restaurantmarknaden slår inn negativt, seier Rustad.

Slike forhold er alle med på å forklare kvifor Budsjettnemnda ikkje legg fram berekningar for budsjettåret 2020 i statistikken Totalkalkylen – som er kjernen i grunnlaget.

Kva konsekvensar ‘manglane’ vil gi for årets oppgjer, vil ikkje Rustad meine noko om.

Han medgir likevel at å forhandle om inntektsutviklinga i 2021 blir vanskeleg utan anslag for 2020 og utan referansebruka.

Neste artikkel

Ingen koronapakke til landbruket