Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

BU-pris til Alde sider

Olav Bleie bytta ut doktorgradsstudier med gardsdrift og siderproduksjon.

Fruktig: Målet til Olav Bleie er at når du tenkjer på Hardanger, skal du tenkje på sider. (Foto: Pernille Sommer)
Fruktig: Målet til Olav Bleie er at når du tenkjer på Hardanger, skal du tenkje på sider. (Foto: Pernille Sommer)

Eplebonden Olav Breie droppa doktorgradstudiane for å løfte slektsgarden inn i ei ny tid som siderprodusent. Første halvår i år stod han for Vinmonopolet sin mestseljande sider, fortel Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Dei har no tildelt han Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Hordaland.

– Olav Bleie har stått sentralt i arbeidet for å bygge opp Hardanger til ein sider-destinasjon. Dette er med på å styrke reiselivprofilen til Hardanger med rein mat, flott natur og lokaltilpassa særeigne opplevingar. Vi er stolte over vårt samarbeid med Olav Bleie, og meiner satsinga hans er eit godt føredøme for andre som vil satse innan mat og reiseliv. Sider er ikkje lenger ein nisjeproduksjon, men skaper reelle og betydelege verdiar i regionen, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Norge Vestland.

Sterk vekst

Olav Bleie starta i 2015 med 2000 liter sider. Etter det har han hatt sterk vekst. Hittil i år har han selt 50 000 liter sider, og i 2019 vert dette auka til 75 000 liter.

Aftenposten har gjeve Alde sider topp score, og sideren vert servert på dei aller beste Oslo-restaurantane, fortel Innovasjon Norge.

Det aller meste av omsetninga går via Vinmonopolet, men Olav Bleie sel og 5-10 000 liter sider direkte frå garden.

Verksemda sysselset førebels fire årsverk.

Annonse

Olav Bleie seier sjølv:

– Eg har eit mål. Når du høyrer ordet Hardanger tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider. Då har me fått det te.

BU-prisen

•Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

•Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.

•Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.

•Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.

•Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2019.

Neste artikkel

Grønn Gjødsel vant BU-prisen