Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondeveteran med klare råd til Støre, Vedum og Lysbakken

Vidar Eide (107) i Tørvikbygd meiner samarbeid er vegen å gå for Ap, Sp og SV.

Vidar Eide (107) er Norges eldste mann. Bondeveteranen kjem med ei oppfordring til Hurdalsjøen og sonderingane mellom Ap, Sp og SV.
Vidar Eide (107) er Norges eldste mann. Bondeveteranen kjem med ei oppfordring til Hurdalsjøen og sonderingane mellom Ap, Sp og SV.

Vidar Eide, født 3. juli 1914, stemte Senterpartiet under årets stortingsval. Eide fekk nyleg nytt høyreapparat og føl bra med, både i TV og aviser.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er for tida samla ved Hurdalsjøen for å sjå om dei er samde nok til å kunne danne regjering.

Sjølv om det er vanskelege saker som skal diskuterast, og kampane mange, kjem Norges eldste mann med ei klar oppfordring til partileiarane Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Audun Lysbakken

– Det er vanskelege spørsmål, men det er nok det beste med samarbeid no, seier han.

Eide, som har vore mjølkebonde og båtbyggjar heile yrkeslivet, bur framleis i huset han har vakse opp i. Han les Nationen, Bondebladet og lokalavisa Hordaland Folkeblad, i tillegg lagar han skoskeier for å halde seg i aktivitet.

Bondeveteranen innrømmer at han aldri har vore så begeistra for SV.

– Men dei hadde Berge Furre på 70-talet. Han var leiar av landbrukskomiteen, og gjorde ein god jobb, særleg under opptrappingsvedtaket i 1975. Då spela Furre ei viktig rolle. Ap har vel ikkje hatt så mykje til overs for bøndene tidlegare, seier Eide.

Uroa over utviklinga i jordbruket

107-åringen vil ikkje fremma noko forslag på kven som bør bli landbruksminister, men han er bekymra for økonomien og utviklinga i næringa.

Vidar Eide saman med barnebarnet, Britt Eide. Det er Britt som driv mjølkegarden i dag.
Vidar Eide saman med barnebarnet, Britt Eide. Det er Britt som driv mjølkegarden i dag.
Annonse

– Det er blitt så store bruk, og altfor mange mindre bruk som legg ned drifta. Det blir meir sentralisering òg. Lausdriftskravet gjer det ekstra vanskeleg for mange mjølkebønder. Det er ikkje noko bra utvikling for Vestlandet, i alle fall. Det er for mange som sluttar på grunn av økonomien og framtidsutsiktene. Dei finn andre ting å halde på med, seier han.

Det er barnebarnet, Britt Eide, som driv garden no. Ho har mjølkeproduksjon. På spørsmål om kva ein bør gjere for å få ny optimisme inn i jordbruket, svarer Eide:

– Det er fleire som har stilt det spørsmålet, men ingen som har ei god løysing. Politikarane blir ikkje einige om kva ein bør gjere. Mange bønder har store lån og slit med økonomien.

Har stemt ved alle val etter 1945

Vidar Eide har vore æresmedlem i Bondelaget sidan 1990. Han har også sete i styret til Hardanger Meieri Øystese i 22 år. Meieriet vart lagt ned i 2019.

Eide kunne stemt fyrste gong under stortingsvalet i 1940, då var aldersgrensa 23 år, men grunna okkupasjonen blei det aldri arrangert val dette året.

Eide har stemt ved alle val og folkeavstemmingar etter den tid, det vil seie 20 stortingsval og 20 kommunestyreval.

I 1946 blei aldersgrensa sete ned til 21 år, og i 1967 til 20 år. Dagens gjeldande aldersgrense på 18 år blei fastsett i 1978.

Stemte over dampskipsstopp

Fyrste gangen han stemte var i ei lokalsak kor ungdommane skulle få vere med og bestemme om dampskipsstoppet i bygda skulle endre namn frå Skutevik til Tørvikbygd.

Her stemte Vidar og faren ulikt, Vidar gjekk for Tørvikbygd.

Den tidlegare mjølkebonden har ikkje vore Sp-tilhengar heile tida. Han var Venstre-mann i yngre dagar, men melde overgang til Senterpartiet, etter eit skuffande Venstre-møte han var med på.

Neste artikkel

Fylkesleiar heisa flagget for regjeringserklæringa