Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaget skal velje ny leiar etter Bartnes

Styreleiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, har meldt valnemnda at han ikkje stiller seg til disposisjon for ein ny periode.

– For eit år sidan meldte Lars Petter at han ikkje tok attval som leiar i Norges Bondelag. Koronapandemien frå mars 2020 sette landet og organisasjonen i ein svært krevjande situasjon, og Bartnes sa seg villig til å leie organisasjonen fram til årsmøtet 2021. På årsmøtet i oktober 2020 fekk han full tillit, og Bartnes arbeider med stor styrke fram mot og gjennom jordbruksforhandlingane til våren. Me er svært takksame for at Lars Petter mobiliserte og tok på seg å leie organisasjonen gjennom dette året, seier leiar i valnemnda Anne Kristine Rossebø.

No skal årsmøtet i juni velje ny leiar for Bondelaget. Fylkeslaga og samvirkeorganisasjonane har frist til 12. februar med å komme med innspel på kandidatar.

Annonse

– Vi er i gang med ein svært viktig rekrutteringsjobb, seier Anne Kristine Rossebø, som ser etter engasjerte, kunnskapsrike og dyktige kandidatar.

Leiartrioen i Norges Bondelag blir valde for eitt år. Begge nestleiarane, Bjørn Gimming og Bodhild Fjelltveit, stiller seg til disposisjon.

Som styremedlemmar for to år, stiller Erling Aas-Eng, Innlandet og Merethe Sund, Nordland og Nortura, seg til disposisjon. Som styremedlemmar for eit år stiller Arthur Salte, Rogaland og Solveig Bratteng-Rønning, Nordland og Tine, seg til disposisjon.

Varamedlemmar, ordførar og varaordførar veljes for eitt år. Her stiller alle seg til disposisjon.

Neste artikkel

Vil ikke la aksjeselskap eie jord