Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Blåfjelldal ny styreleiar i Veterinærinstituttet

Hanne Maren Blåfjelldal er oppnemnd som ny styreleiar for Veterinærinstituttet av Landbruks- og matdepartementet.

Hanne Maren Blåfjelldal ser fram til leiarvervet og arbeidet med å vidareutvikle Veterinærinstituttet. Foto: Anders Sandbu

Den nye styreleiaren var statssekretær i Landbruks- og matdepartementet frå 16. oktober 2013 til 30. november 2018. Oppnemninga gjeld fram til 30. juni 2023, skriv Veterinærinstituttet.

–Veterinærinstituttet har ei særs viktig rolle i norsk bioøkonomi gjennom deira arbeid for trygg mat og for å verne om den gode helsestatusen for dyr i Noreg. Dei tilsette og den kunnskapen dei innehar, har imponert meg mange gonger, og eg gler meg til å bli vidare kjent med deira arbeid, seier Blåfjelldal.

Annonse

Blåfjelldal (37) bur i Øystre Slidre i Valdres. Ho har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitet i Oslo. Ho har hatt ymse politiske verv i Framstegspartiet, i Oppland fylkesting og som vararepresentant og rådgjevar på Stortinget.

– Eg ser fram til å starte på arbeidet som styreleiar, og til å vere med på å vidareutvikle Veterinærinstituttet som landets leiande fagmiljø innanfor biosikkerhet hjå fisk og landdyr, seier Blåfjelldal.

Dei andre styremedlemma er Trond Slettbakk (nestleiar), Torhild Gjølme, Tord Lien, Hildebjørg Åsvang, Camilla Skjæret (representant for tilsette) og Knut Madslien (representant for tilsette). Gunnar Skov Simonsen er 1. varamedlem til styret.

Neste artikkel

– Nedlegging i Sandnes virker uforståelig