Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biogass Finnøy fekk avslag i første omgang

Søknaden om vel 25 millionar i støtte til biogassanlegget på Finnøy gjekk ikkje gjennom i første omgang.

Ifølge seniorrådgjevar Trond Bratsberg i Enova var det fleire søknader som blei avvist på grunn av utilstrekkelege opplysningar om prosjekta. Det gjeld også biogassanlegget på Finnøy.

– Men det blir ein ny moglegheit i oktober. Viss dei manglane som er påpeikt blir retta opp, er det framleis moglegheit for støtte, opplyser Bratsberg til Øyposten.

Annonse

Kristian Spanne i styret for biogassanlegget på Finnøy seier at dei nå vil jobba vidare med søknaden.

– Det var sjølvsagt skuffande at me ikkje fekk innvilga søknaden i første omgang, men likevel svært positivt at me får ein ny moglegheit. Det har nemleg vore slik at vedtak i Enova ikkje kunne påklagast. At me no får moglegheit til å bearbeida søknaden vil me utnytta etter beste evne, seier Spanne.

Neste artikkel

Senterpartiet vil ha taktskifte på biogass