Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bevaringsverdige storferasar frå sterkt trua til trua

Det bevaringsverdige kurasane i Noreg har mangedobla talet på avlskyr frå 1990 til 2020.

Østlandsk rødkolle: Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. Bildet er frå Aurdal i Valdres. (Arkivfoto)
Østlandsk rødkolle: Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. Bildet er frå Aurdal i Valdres. (Arkivfoto)

Frå å vere nær utryddingstrua ved inngangen til 1990-talet, er dei i dag – med eitt unntak – ikkje lenger «kritisk trua», skriv Nibio.

I 2020 hadde fem av rasane oppnådd store nok populasjonar til å vere i kategorien trua. Berre vestlandsk raudkolle er framleis kritisk trua, det vil seie at rasen har færre enn 300 avlshodyr. Kategorien trua inneber at populasjonen har mellom 300 og 3000 hodyr.

– I over ein mannsalder har målet vore å få opp igjen berekraftige populasjonar og samtidig bidra til å auke genetisk variasjon, seier Nina Svartedal som er fagleiar i Norsk genressurssenter.

Østlandsk rødkolle og vestlandsk fjordfe

No nærmar vi oss trygg grunn og kan glede oss over utviklinga, meiner fagleiaren.

– Alle rasane har auka i perioden, fortel Svartedal. Dei har hatt litt ulike løp, og nokre har takla ein heftigare veksttakt enn andre, men alle har dei ‘lang hals’ i søylene som viser utviklinga dei siste åra. Det betyr god framgang for alle.

Annonse

Østlandsk rødkolle og vestlandsk fjordfe er dei to rasane med størst auke. Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. For vestlandsk fjordfe var talet rett over 1 000 i 2020.

– Når det gjeld STN som vi først fekk sikre populasjonstal på i 2010, så antar vi at rasen aldri var så få i talet som dei andre rasane. Likevel viser også STN fin framgang, seier Svartedal.

– Imponerande avlsarbeid

Alle som har hatt og har bevaringsverdige storferasar, har drive eit imponerande forsvarleg avlsarbeid, meiner fagleiaren.

– Dette trass i ein nesten umogleg situasjon der små, og til dels ekstremt små, populasjonar var utgangspunktet. Tidleg på 1990-talet var dei få gardbrukarar med skjøre nettverk, dei hadde verken raselag eller sosiale medium å støtte seg til. Slike er kome til seinare.

Svartedal peikar på sterkt samhald blant bøndene, lojalitet til kvarandre, kunnskapsdeling og fornuftig bruk av avlsfaglege råd som sentrale for det vellykka avlsarbeidet. Tre prinsipp har vore berande:

– Unngå innavl og nære slektskapsparingar. Bruk så mange ulike dyr – av same rase, sjølvsagt – i avlen som mogleg. Spesielt er variasjon i oksar viktig for å unngå for mange halvsøsken. Og for det tredje, ver nøye med å sortere ut dei dårlegaste dyra, seier ho.

Neste artikkel

Risiko for matsikkerheten ved tap av genetisk mangfold