Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ber Miljødirektoratet vurdere hyttenekt på nytt

Dag Bakketun fikk fyrst ja og så nei til å setje opp ei enkel gjetarhytte i Førdefjella. No ber Sivilombodsmannen at direktoratet vurderer saka på nytt.

Gjennomgangen viser at beitebruk ikkje er i strid med verneformålet i landskapsvernområdet, tvert imot er det eit mål å holde denne aktiviteten oppe, skriv Sivilombodsmannen. Foto frå Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. (Foto: Privat)

Dag Bakketun fekk, saman med Risbotnen beitelag i Gloppen, lov frå Naustdal-Gjengedal verneområdestyre til å oppføre ei gjetarhytte i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Dersom dei får reise ei enkel hytte, vil det bli mykje enklare å ha tilsyn med dyra på ein god måte, skriv Bakketun og beitelaget.

Etter klage frå Villreinnemnda for Sogn og Fjordane, gjorde Miljødirektoratet om denne avgjerda. Direktoratet viste til at Bakketun, som eig område brukt til utmarksbeite i det aktuelle området, ikkje sjølv eig beitedyr.

Meinte direktoratet feiltolka

Dag Bakketun og beitelaget klagde til Sivilombodsmannen.

Dei meinte Miljødirektoratet feiltolka forskrifta om verneplan for Naustdal-Gjengedal, og at vilkåret om at gjetarhytta må vere naudsamt i tilknytning til landbruksdrift, kan vere oppfylt, uavhengig av om grunneigar sjølv eig beitedyr.

Sivilombodsmannen ber no direktoratet vurdere saka på nytt.

Annonse

– Vi har fått medhold, og det er veldig bra, seier Dag Bakketun.

– Naustdal-Gjengedal verneområdestyre gav oss fyrst lov til reise opp hytta. Dette viser jo at dei hadde rett, og at Miljødirektoratet har gjort feil i si vurdering av saka, seier han.

Vi veit ikkje det endelege resultatet i denne saka, men dette er uansett ei fjør i hatten, meiner Bakketun.

– Direktoratet oppheva vedtaket, men Sivilombodsmannen meiner dei ikkje hadde heimel til å gjere dette, seier han.

Fekk råd frå Bondelaget

Bakketun er glad for han prøvde saka hos Sivilombudsmannen.

– Eg hadde ikkje gjort dette utan at saka vart omtalt i Bondebladet (nummer 49, 2017), og råda frå Erlend Stabell Daling, juridisk sjef i Bondelaget. Det har teke tid, men det er bra saka fekk medhold hos Sivilombodsmannen. Dersom det skal vere så tungvint å få gjennom enkle ting, er det ikkje bra. Men det er jo slik det er blitt, seier Bakketun.

«Gjennomgangen viser at beitebruk ikke er i strid med verneformålet i landskapsvernområdet – tvert imot er det et mål å holde denne aktiviteten oppe. Videre er gjeterhytter en type bygning som kan tillates oppført etter § 3 punkt 1.3 bokstav c. Det relevante vurderingstemaet etter bestemmelsen er om den omsøkte gjeterhytta er knyttet til aktiv landbruksdrift – i dette tilfellet beitebruk – og om oppføringen av gjeterhytta vil være av avgjørende betydning for å holde beitebruken i området på et ønsket nivå», skriv Sivilombodsmannen i saka.

Neste artikkel

Trist utvikling i nord og vest