Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Baud på ost frå Lesja og skinke frå Tynset

Det var kaldt, men både sola, maten og bodskapet lokka mange politikarar til Bondelaget sin frukost.

Ordfører Andrine Solli Oppegård (Ap) i Sømna heldt appel under frukosten utanfor Stortinget. Her saman med Lars Petter Bartnes (t.v.) og Sverre Myrli, stortingspolitikar for Ap. Foto: Karl Erik Berge

Frukost ytanfor Stortinget har blitt ein årleg tradisjon i opptakten til jordbruksforhandlingane. Mange politikarar tok turen ut og fekk ein smakebit av det norsk landbruk produserer.

Erik Lukashaugen stod for det musikalske innslaget under frukosten.

Maten ble leverrt av cafébilen "Anne på landet". Guro Bjørnstad (t.v.) og Astrid Solberg (med flere) hadde god kontroll på mat og drikke. Vaflene, med bringebær frå Lærdal, var populære hos politikarane.

– Dersom vi ser på norsk landbruk som eit stort puslespel, vil nok mange sjå på meg som ein relativt liten brikke. Men er det ikkje slik at dei små brikkene óg trengs for at puslespelet skal vere komplett? spurte styremedlem i Norges Bondelag og bonde i Bergen, Bodhild Fjelltveit.

Ho leda programmet på Eidvolls plass.

Annonse

– Å mangla brikkar i eit så stort puslespel, det er utruleg irriterande. Ryggraden i det norske landbruket er alle disse brikkene, i ulike storleikar og fasongar, la Fjelltveit til.

I gang med våronna

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes var også på scenen.

– Akkurat no har vi bønder i heile landet som bretter opp armene, gyv laus på våronna og gjer ein fantastisk innsats for at du skal få mat på bordet. Den jobben står vi klare til å ta, men vi treng rammevilkår som gjer oss til ei næring å satse på. Ei næring som dei unge ser mot og ønskjer seg inn i, sånn at vi kan servere like god mat også i framtida. Derfor treng vi dykkar støtte. Det må vere lønsemd i å produsere den maten som forbrukaren ønskjer, sa Bartnes.

Mat og prat: Une Aina Bastholm (MDG), Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Bondelaget og Geir Pollestad (KrF).

Dyra held mange i arbeid

Ordførar Andrine Solli Oppegård (Ap) i Sømna heldt óg appell. Landbruket er ei svært viktig næring for kommunen i Nordland.

– Vi produserer mjølk og kjøt til heile Norge. 115 årsverk med mjølkebønder står bak over 11 millionar liter mjølk, og det blir produsert ein million kilo kjøt. Alle desse dyra held mange i arbeid. Kvar gard held minst to i arbeid. For ei bygd som vår, innebærer det at det er liv laga for elektrikarar, snekkarar, dyrlegar, entrepenørar og ikkje minst eit meieri. Det står for over halvparten av den osten vi et kvar dag, sa Solli Oppegård.

Neste artikkel

Nortura har politianmeldt svineprodusent