Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksinntekta auka med ni prosent frå 2019 til 2020

Det vart auke for dei fleste husdyrproduksjonane, men nedgang for kornprodusentane.

Driftsgranskingane for 2020 omfattar rekneskapstal frå 924 bruk fordelte over heile landet. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og på Jæren med høvesvis 412 800 og 359 000 kroner. (Foto: Karl Erik Berge)
Driftsgranskingane for 2020 omfattar rekneskapstal frå 924 bruk fordelte over heile landet. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og på Jæren med høvesvis 412 800 og 359 000 kroner. (Foto: Karl Erik Berge)

Også for frukt- og bærprodusentane gjekk jordbruksinntekt ned i 2020, skriv Nibio i ei pressemelding. Driftsgranskingane for 2020 omfattar rekneskapstal frå 924 bruk fordelte over heile landet.

Jordbruksinntekta auka med 27 600 kroner per årsverk frå 2019 til 2020, og vart 327 800 kroner. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og på Jæren med høvesvis 412 800 og 359 000 kroner.

Produksjonsinntektene auka med fire prosent. Husdyrinntektene, som utgjer 56 prosent av produksjonsinntektene, auka med tre prosent. Til dømes auka inntektene frå sal av storfekjøt med 7 prosent og frå slaktegris med 15 prosent.

Også inntektene frå planteproduksjon og tilskot auka frå 2019 til 2020 i gjennomsnitt for landet.

El og drivstoff ned

Kostnadene auka i gjennomsnitt med 3 prosent. Dei variable kostnadene auka med 4 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon mellom ulike kostnadspostar. Fôrkostnaden, som utgjer den største posten av dei variable kostnadene, auka med 2 prosent.

Av dei faste kostnadene gjekk kostnader til elektrisk kraft og drivstoff ned med høvesvis 12 prosent og 28 prosent frå 2019 til 2020, medan avskrivingane auka med 5 prosent. I gjennomsnitt gjekk dei faste kostnadene opp med 0,5 prosent

Arealet per bruk auka med 11 dekar, til i snitt 418 dekar. Produksjonsomfanget auka noko for mjølk, men for resten av husdyrhaldet var det små endringar frå 2019. Arbeidsinnsatsen var uendra med 1,6 årsverk per bruk.

Auke for mjølkeprodusentane

Jordbruksinntekta til mjølkeprodusentane auka med 4 prosent frå 2019, etter tre år med nedgang. I 2020 oppnådde dei ei jordbruksinntekt på kr 305 000. Mjølkeprodusentane fekk auka mjølkekvote i 2020, og sjølv om mjølkeprisen gjekk ned, bidrog auka produksjon saman med auke i prisane på storfekjøt, til at inntekta auka.

Det var 305 bruk med mjølkeproduksjon med i granskinga for 2020.

Annonse

Etter eit brukbart år for kornproduksjon i 2019 gjekk jordbruksinntekta ned igjen i 2020, og kornprodusentane fekk i gjennomsnitt for landet ei jordbruksinntekt på 227 200 kroner.

Store skilnader mellom Austlandet og Trøndelag

Det var stor skilnad i jordbruksinntekt mellom kornbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Medan inntekta auka på Austlandet, vart det negativt resultat for kornbøndene i Trøndelag.

Av produksjonane det vert publisert tal for, var det svinehald i kombinasjon med korn som fekk høgast jordbruksinntekt i 2020 med 473 700 kroner per årsverk. Det var ein auke på 28 prosent frå 2019. Bruka med sauehald fekk same jordbruksinntekt som i 2019, 163 900 kroner per årsverk, og vart driftsforma med lågast jordbruksinntekt i 2020.

Auka investeringar

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå kr 113 800 til 161 400 frå 2019 til 2020, ein auke på 42 prosent. Høgast nettoinvestering fann vi i Trøndelag, der det var nokre av bruka som hadde investert mange millionar i nye driftsbygningar. Det drog opp gjennomsnittet.

Bruka på Jæren hadde negativ nettoinvestering for andre år på rad, men i denne regionen har investeringsviljen vore stor i tidlegare år. Negativ nettoinvestering betyr at verdien på driftsmidla går ned.

Gjelda auka med 5 prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka var 48 prosent i 2020, det same som i 2019. Det tyder på god soliditet.

Nettoinntekta for brukarfamilien var på 1 076 000 kroner i 2020, ein auke på 5 prosent frå 2019. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår.

Jordbruksfrådrag

Jordbruksfrådraget vert fastsett i jordbruksoppgjeret. For 2020 var maksimalt frådrag 190 400 kroner, 24 000 kroner meir enn i 2019. Skattefordelelen av jordbruksfrådrag er rekna til 34 900 kroner per årsverk for 2020.

Dette kjem i tillegg til jordbruksinntekta, og inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Samla årsverksinntekt blir da 362 700 kroner, ein auke på ni prosent frå 2019.

Neste artikkel

Norges Bondelag forsvarer bonden