Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Astrid (95) møtte spælsauene

Astrid Solbakk er glad for sommargjestene ved Rødtvet sykehjem i Oslo. Dette er den femte sommaren sjukeheimen låner sauer frå Nordtvet gård.

Astrid Solbakk (i blå jakke) tok imot Ida Baugerød og spælsauene frå Nordtvet Gård. Dei to vêrane fann seg fort til rette.

Målet er å gi dei eldre ein betre kvardag, fortel Anita Madsen, ergoterapeut og prosjektleiar for Symfoni ved Rødtvet sykehjem.

– Sauene har mykje å seie for miljøet her, for heile sjukeheimen. Det merker vi godt, seier Madsen som har leda prosjektet sidan 2016.

Ideen bak var å sjå på miljøterapi på samme måte som medikamentell behandling.

Det starta med prosjektet «Bevisst bruk av musikk» i 2013.

Gammalnorsk spælsau stammer frå den gammalnorske sauen, som har gitt opphav til dagens spælsauraser. Både værer og søyer kan ha horn eller vere kollete.

– Vi tok med oss erfaringane frå dette prosjektet inn i Symfoni. Målet er å auke trivsel og livskvalitet. Vi ser at beitedyra reduserer angst og uro, og vi erfarer at det reduserer medisinbruken. Vi må ta dette på alvor. Det blir fleire gamle og demente, og vi trenger slike tilbod. Vi ser at det nyttar, seier Madsen.

Søye med to lam

Dei to vêrane, av rasen gammalnorsk spælsau, fann seg fort til rette. Om ei stund blir dei byta ut med søye og to lam.

Annonse
Astrid Solbakk er vaksen opp på gard i Romsdal, men har budd mange år i Oslo.

Nordtvet gård har hovudansvaret for dyra, medan fôring og stell av dyra gjennom sommaren blir gjort av tilsette ved sjukeheimen.

Astrid Solbakk kjem frå Brøstdalen i Romsdal. Ho er vaksen opp på gard, men har budd mange år i Oslo.

– Eg gifta meg her, veit du, og då vart det slik. Eg har vore med å teke imot sauene før, og det er veldig kjekt å ha dei her om sommaren, seier Solbakk på Romsdal-dialekt.

– Dialekten er jo min, så eg kunne ikkje skifte om på den.

400 «Inn på tunet-gårder

Statssekretær Ingvild Ofte Arntsen i LMD var med på sauesleppet på i Groruddalen. Frå 2020 vil regjeringa innføre ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetar til heimebuande personar med demens.

– Landbruket kan spele ei viktig rolle når det gjeld ulike dagaktivitetstilbod. I dag har vi over 400 «Inn på tunet-gårder», og rundt 60 av dei har verdifulle dagaktivitetar for demente, seier Arntsen.

Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og mestring av konkrete oppgaver på ein gard, har mange positive effektar. Det viser ulike forskningsrapportar og erfaringar.

Neste artikkel

Kongeørn og sau i Øst-Finnmark