Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Asbjørn er hekta på retro

Asbjørn Skogasel (56) har kasta lite opp gjennom åra. No er det gamle skyttarhuset i Strandebarm fylt opp med gamle gjenstandar, særleg frå 1950- og 60-talet.

Retro i raudt i skyttarhuset til Asbjørn og Oddvar. Motorsykkelen er ein Tempo Standard 1953-model. Raude skinnsalongar, belysning i retrodesign, Wurlitzer jukebox, plakatar, blad og mykje anna skaper den rette stemninga i huset.
Retro i raudt i skyttarhuset til Asbjørn og Oddvar. Motorsykkelen er ein Tempo Standard 1953-model. Raude skinnsalongar, belysning i retrodesign, Wurlitzer jukebox, plakatar, blad og mykje anna skaper den rette stemninga i huset.

Den gamle skytebanen i Hardangerbygda vart lagt ned for nokre år sidan. Skyttarhuset gjekk tilbake til garden som bror til Asbjørn driv, Oddvar Skogasel. Planen var å bruka skyttarhuset som kontor og standplassen som lager.

DBS Apache var ein populær gutesykkel i Norge på 1970-talet.
 Sykkelen vart produsert av Jonas Øglænd mellom 1972 og 1980. Det var ei vidareutvikling av Crossmaster, men Øglænd gjekk eit steg lenger, med rygglene og chopperstyre.
DBS Apache var ein populær gutesykkel i Norge på 1970-talet. Sykkelen vart produsert av Jonas Øglænd mellom 1972 og 1980. Det var ei vidareutvikling av Crossmaster, men Øglænd gjekk eit steg lenger, med rygglene og chopperstyre.

Men no er det blitt ei storstove i tillegg, proppa med gamle og kjære minne, blant anna eit kronespel, ein jukebox, eit Cola-skap, eit komplett Tandberg-anlegg, ein Tempo-motorsykkel, ein Apache-sykkel, plakatar, kasettar og mykje anna.

– Eg har funne mykje i bruktbutikkar og loppemarknader, og særleg på Finn.no. Her kan ein gjera eit kupp, men som regel blir varene prisa etter det dei er verd, seier Asbjørn som særleg nemner Apache-sykkelen som ei aha-oppleving for mange besøkande.

Lohengrin var ein norsk sjokolade som var i produksjon frå 1911 til 2019. Asbjørn har han i utstillinga.
Lohengrin var ein norsk sjokolade som var i produksjon frå 1911 til 2019. Asbjørn har han i utstillinga.

– Dette var nok ein spesiell sykkel for mange som vaks opp på 60- og 70-talet. Ein var sjef, når ein kom med ein slik sykkel, seier Asbjørn, og innrømmer at han er blitt hekta på å samle.

Til dagleg driv Asbjørn firmaet Linetech, men mykje tid blir brukt på skyttarhuset og til å leite opp nye ting til samlinga.

Frå 1930- til 1990-talet

Det er mange innom å kikkar i skyttarhuset, som ligg i starten av Strandadalen. Vegen inn dalen er mykje brukt av turgåarar, både fastbuande og turistar.

Huset har innslag frå 1930-talet til 90-talet.

Annonse

Det er felemakar Ole Gjerde, han har fresemaskin i felemakeriet, som har forma skiltet med Strandebarm Herad på utsida av huset.

Skiltet er laga av ei om lag 120 år gamal furu og er skoren på saga til Peder Nærnes, leiar i Hordaland Bondelag.

Dekordetaljane står Bente Rosseland for, etter idé frå Skogasel.

Strandebarm var eigen kommune fram til 1965. Postskilta er nyproduserte og viser gamle postkontor som var i bygda. No er det 5630 som gjeld. (Foto: Elisabeth Skogasel)
Strandebarm var eigen kommune fram til 1965. Postskilta er nyproduserte og viser gamle postkontor som var i bygda. No er det 5630 som gjeld. (Foto: Elisabeth Skogasel)

Asbjørn har fått tak i ting han likar og som han tykkjer passar saman med det andre i huset. Han har ikkje servering i huset, men alle som vil kan ta turen innom for å sjå.

– Me har fått Facebook-side, Hardanger Retro, og her legg me ut ulike ting. Me vil prøve å få til noko kulturelt i huset, kveldar med eige program, Men det avgrensa kva me kan sleppe inn av folk, me kan ikkje sleppa det heilt laust, seier 56-åringen.

– Kva seier kona di?

– Ho set pris på å vera her, og likar masse av det eg har samla. Eg må ta det litt steg for steg, ikkje komme busande med alt nytt eg kjøper, men ho synest det er triveleg å vera her.

Aebi og Bucher

På utsida av huset sår det Aebi 53, 1962-modell. Aebi og Bucher var det mange av i bygda, og dei vart kalla for purler.

Asbjørn på ein Aebi 53, 1962-modell. Foreldra til Asbjørn hadde Aebi på garden på 60- og 70-talet, men denne er kjøpt på Sotra.
Asbjørn på ein Aebi 53, 1962-modell. Foreldra til Asbjørn hadde Aebi på garden på 60- og 70-talet, men denne er kjøpt på Sotra.

– Me hadde to slike på garden, men dei vart gitt vekk når det kom ny traktor på tunet. Denne har eg kjøpt ferdig pussa opp på Sotra, og på godvêrsdagar står Aebien til pynt utanfor. Han startar vanlegvis på andre forsøk og går jamt og sikkert, seier Asbjørn Skogasel.

Neste artikkel

Norske juleeple slo godt an