Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arla set opp mjølkeprisen med 31,2 øre pr. liter

Bakgrunnen for den rekordstore oppgangen er auka etterspørsel etter meieriprodukt i EU, samtidig som produksjonen minska med 0,7 prosent i september.

Arla Foods eksporterer til over 100 land, og på dei viktigaste marknadane er selskapet representert gjennom dotterselskap. Arla Foods AS er representert i Norge med eitt salskontor og 16 tilsette. (Foto: Arla)
Arla Foods eksporterer til over 100 land, og på dei viktigaste marknadane er selskapet representert gjennom dotterselskap. Arla Foods AS er representert i Norge med eitt salskontor og 16 tilsette. (Foto: Arla)

Arla set opp produsentprisen både for konvensjonell og økologisk mjølk med 31,2 øre (svenske prisar) frå og med 1. desember, melder ATL.

Det betyr at A-kontoprisar for konvensjonell mjølk blir 416,6 øre per kilo og for økologisk mjølk 493,7 øre per kilo.

Annonse

– Det er ein stor auke og vi er glade for at vi klarer denne gode prisauken i dag. Eg er sikker på at dette er ein god beskjed til alle våre eigarar. Bøndene har hatt ein sterk auke i utgifter og kostnader på garden, skriv Kai Gyllström, vd ved Arla Sverige i ein e-post til ATL.

Han vil ikkje spekulera i kor mykje mjølkeprisen kjem til å utvikla seg dei kommande månadane, men konstaterer at vi er i ein situasjon kor etterspurnaden etter mejeriprodukter aukar, men understrekar samtidig at også Arla sine kostnader går opp.

Kai Gyllström kan ikkje gi noko konkret svar på korleis den auka mjølkeprisen skal finansierast. Han skriv til ATL at det er Arlas oppgåve å generere ein høg meirverdi for mjølka eigarane produserer.

– Både på den globale og den europeiske marknaden har prisane på råvarebørsane for ost, smør og t.o.m. mjølkepulver dei seinaste månadane gått opp, skriv Gyllström.

Neste artikkel

600 millioner færre fugler i EU på 40 år