Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arbeidstilsynet vil ha generelt påbod om setebelte i traktor

Fleire alvorlege traktorulykker så langt i 2020.

Å bruke setebelte kan utgjere skilnaden mellom nokre blåmerke eller å verte invalid for resten av livet, meiner direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet. Det gjekk bra med føraren på bildet. Ho brukte setebeltet. (Foto: Privat)
Å bruke setebelte kan utgjere skilnaden mellom nokre blåmerke eller å verte invalid for resten av livet, meiner direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet. Det gjekk bra med føraren på bildet. Ho brukte setebeltet. (Foto: Privat)

Sjølv om det er tidleg i sesongen, har Arbeidstilsynet allereie registrert fleire alvorlege ulykker og ei dødsulykke ved bruk av traktor.

I dei fleste ulykkene i år har traktoren velta grunna køyring i ulendt terreng eller ubalanse på lasta.

Til saman har 24 personar døydd på jobb i næringa sidan 2015, skriv Arbeidstilsynet på sine nettsider.

Ein skilnad

Annonse

– Ver varsam og bruk setebelte når du køyrer traktor. Dersom du ikkje har montert setebelte, så må du ettermontere dette. Å bruke setebelte kan utgjere skilnaden mellom nokre blåmerke eller å verte invalid for resten av livet, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Det er krav om at traktorar skal ha setebelte, og dette gjeld også eldre traktorar. Arbeidstilsynet jobbar no for å få eit generelt påbod om bruk av setebelte i traktor.

Undersøking: 17 prosent brukar alltid beltet

I ei undersøking frå 2018 svarte kun 17 prosent av dei spurte bøndene at dei alltid brukar setebelte.

Undersøkinga, som vart gjennomført av Sentio Research for Arbeidstilsynet, vart utført blant 1000 bønder i oktober 2018.

Bøndene svarte at dei vanlegste årsakene til at dei ikkje brukar belte, er at det blir sett på som unødvendig, at det er dårleg vane og at det er snakk om korte køyreavstandar.

Neste artikkel

Bønder og fiskere mest fornøyde