Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Anders Felde: – Støttetaket må løftast no

Dersom ikkje også maksimumsstøtta til bonden blir auka, kan ombygginga til lausdrift stoppe opp, er beskjeden frå Vestland. Ap sin landbrukspolitiske talsmann vil komme med endringar raskt.

Løft: Støttetaket og støtteprosenten må løftast før nyttår, meiner Anders Felde. (Foto: Privat)
Løft: Støttetaket og støtteprosenten må løftast før nyttår, meiner Anders Felde. (Foto: Privat)

Anders Felde, leiar i Vestland bondelag, er fornøgd med at regjeringa bevilgar ekstra penger til overgangen til lausdrift i sitt første statsbudsjett.

– Men dei må gjere heile jobben. Dei har berre gjort halve jobben, seier han.

For sjølv om investeringspotten no aukar, kan ikkje kvar enkelt bonde få meir penger enn før. Det forventer Felde ei rask endring på.

I dag kan bønder som går frå båsfjøs til lausdrift få inntil 35 prosent av investeringa i støtte, og maksimalt to millionar kroner. Bygger ein i tre, kan ein få 2,4 millionar kroner.

– Vi forventer at dei før årsskiftet løftar taket til tre millionar kroner, og 3,5 millionar kroner for trebygg, og aukar støtteprosenten til 50 prosent. Det må gjelde allereie for 2022. Det er ikkje hjelp i å fortsette med den støttesatsen som har vore. Då er det framleis like ulønnsamt å bygge små og mellomstore fjøs, seier Felde.

– Kva skjer om ikkje denne endringa kjem?

– I verste fall stoppar investeringane opp. Gjer ein ikkje denne endringa, er det eit klart signal om at folk treng meir mjølkevolum for å byggje, seier Felde.

Går ikkje opp

Bjørn-Harald Haugsvær er assisterande landbruksdirektør ved Fylkesmannen i Vestland.

Haugsvær er glad for den ekstra løyvinga på 200 millionar kroner, og at dei skal gå til små og mellomstore bruk. Han er likevel bekymra.

– Om dei ikkje gjer noko med støttetaket og støtteprosenten, er vi like langt, seier han.

– Med den kostnadsveksten vi har hatt, får vi ikkje rekneskapen til å gå opp når bøndene investerer i fjøs på små og mellomstore bruk. Det har vore kjempevanskeleg dei siste åra, seier Haugsvær.

Det aller viktigaste er å heve støttetaket, meiner han. Det ønsker han å auke til tre millionar kroner. Endringa må på plass frå nyttår, meiner han.

– Kva vil skje om støttetaket ikkje blir løfta?

– Då er det dei største mjølkebruka som investerer. I verste fall vil pengane stå ubrukte, for Innovasjon Norge kan ikkje gi tilskot til prosjekt som er økonomisk uforsvarlege, seier Bjørn-Harald Haugsvær.

Like langt: Om ikkje politikarane gjer noko med støttetaket og støtteprosenten, er vi like langt også etter det ekstra tilskotet, meiner Bjørn-Harald Haugsvær, assisterande landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Vestland. (Foto: Odd Ivar Kalland)
Like langt: Om ikkje politikarane gjer noko med støttetaket og støtteprosenten, er vi like langt også etter det ekstra tilskotet, meiner Bjørn-Harald Haugsvær, assisterande landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Vestland. (Foto: Odd Ivar Kalland)

Litt meir tid

Annonse

Dagen før nyheita om de 200 millionane slapp ut, var Arbeidarpartiet sin nye landbrukspolitiske talsmann, Per Vidar Kjølmoen, i Vestland saman med mellom andre fylkesleiar Anders Felde. Då fekk han høyre mykje om denne problemstillinga.

– Vi har vore opptatt av å få på plass ekstra middel. Det er viktig for mange, spesielt mange små og mellomstore bruk som treng å gjere investeringar. Innretninga må vi komme tilbake til i løpet av kort tid. Den er vi i ein prosess på, seier Kjølmoen til Bondebladet.

– Bondelaget i Vestland er opptatt både av at meir penger må inn i ordninga, fordi det er for lite penger til å utløyse utbygginga som er nødvendig, og at innretninga må endrast, slik at små og mellomstore bruk kan få meir støtte. Det er innspel som vi i Arbeidarpartiet og Senterpartiet lyttar til, og som vi tek med oss vidare. Vi er i stor grad einig i analysen til bondelaget i Vestland, seier han.

– Dei har hatt trøbbel med at støtteordninga ikkje har treft godt nok, og ber om at taket skal aukast. Vi støtter i stor grad analysen deira. Vi klarer 200 millionar ekstra kroner no, men akkurat kva grenser vi set, og støttetak, alle dei tekniske tinga, treng vi litt meir tid på. Vi må komme tilbake til korleis vi konkret vil innrette ordninga, seier Ap-politikaren.

– Skal dei nye grensene de set, gjelde frå neste år?

– Ja, det tenkjer eg, så vi har lita tid, seier Per Vidar Kjølmoen.

Vi må komme tilbake til korleis vi konkret vil innrette ordninga

Per Vidar Kjølmoen, Ap

Framtid

Anders Felde kallar dei 200 millionane for ein grei start.

– Men ikkje meir enn det. For etterslepet er enormt, seier han.

Saman med Per Vidar Kjølmoen besøkte han dagen før ein bonde som har bygd til 28 mjølkekyr.

– Han er i ute i fullt arbeid for å finansiere utbygginga, fortel Felde.

Han meiner eit endra regelverk er heilt nøydd til å gjelde frå 2022.

– Bygginga er i ferd med å stoppe opp. Lønnsemda er svak. Da sluttar folk. Gir du ein million meir i tilskot, slepp bonden å låne den millionen i 20 år. Det betyr betre lønnsemd. Da kan ein del av dei sjå ei framtid i mjølkeproduksjonen, seier Anders Felde.

Merknad

– Dagens kriterium for investeringsstøtte er ikkje tilpassa små og mellomstore bruk, meiner Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Ho meiner innretninga på investeringsordningane over lengre tid har bidrege til at det har blitt færre og større bønder. Derfor er det viktig å få på plass nye kriterium for investeringsstøtte så raskt som mogleg, meiner Hoff.

Ho viser til ein merknad frå Ap, Sp og SV då årets jordbruksoppgjer vart behandla:

«Stortinget ber regjeringa foreta en gjennomgang av føringene for tildeling av IBU-midler med mål om å sikre at kravet til lønnsemd i investeringsprosjekter kan møtes på andre måter enn å auke den eksisterende produksjonen på bruket. Gjennomgangen skal være klar i forkant av jordbruksoppgjøret 2022.»

Neste artikkel

«Gris i Troms» jobber for å tredoble svineproduksjonen