Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Anders Felde held fram som leiar i Vestland Bondelag

Marianne Nordhus er ny nestleiar etter Peder Nernæs.

Anders Felde og Marianne Nordhus skal leie Vestland Bondelag det neste året. Nordhus er nyvald nestleiar. (Foto: Vestland Bondelag)
Anders Felde og Marianne Nordhus skal leie Vestland Bondelag det neste året. Nordhus er nyvald nestleiar. (Foto: Vestland Bondelag)

Anders Felde frå Breim Bondelag vart vald til den første leiaren i Vestland Bondelag under skipingsmøtet i november i 2020.

No er Felde, som driv mjølkeproduksjon i Byrkjelo, vald til leiar for eit nytt år.

Marianne Nordhus frå Halsnøy Bondelag er vald til ny nestleiar etter Peder Nernæs, Kvam. Nernæs takka nei til attval. Nordhus har vore styremedlem sidan skipingsmøtet i fjor.

I det nye styret sit også:

Olav Myhr, Eikanger Bondelag, (ny)

Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag (attval)

Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag (attval)

Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag (attval)

Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag (ikkje på val)

Lars Bø, Voss Bondelag (ikkje på val)

Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag (ikkje på val)

Siv Helle Prestegard, representant for Bygdekvinnelaget

Annonse

Varamedlemer er: Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag (ny), Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag (attval) og Terje Håheim, Etne Bondelag (ny).

90 utsendingar

Årsmøtet vart gjennomført digitalt med kring 90 utsendingar frå heile Vestland til stades, skriv Vestland Bondelag.

– Vestland Bondelag har vore på vengjene i 4 månader, og vi er «flygedyktige». Vi jobben mot politikarar, vi har møte med det offentlege og vi løftar problemstillingar som er viktige for Vestlands-bonden, sa Anders Felde i talen si til årsmøtet i Vestland Bondelag.

Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor, meiner fylkesleiaren.

– Inntekt er alltid den viktigaste saka til Norges Bondelag når det nærmar seg jordbruksoppgjer. Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor. Samtidig må det vere slik at dei som driv ein større produksjon, må hente meir enn pengane i marknaden, og dei mindre bruka må prioriterast når budsjettpengane skal fordelast. Skal vi vere attraktive og sikre rekruttering, kva er viktigast – inntekt. Skal vi sikre eit landbruk over heile landet, kva er viktigast – inntekt, sa Felde.

Investeringspakken

Felde kom også inn på investeringspakken i talen sin.

– Dette handlar også om inntekt, og den er målretta mot dei som skal vere med vidare. Det må vere rett å prioritere framtidsbonden. Ingenting kan vel vere meir målretta enn det? Vi har masa om den lenge, men i år set vi hardt mot hardt, og vi må ansvarleggjere politikarane for det var dei som innførte lausdriftskravet, og ikkje har stilt opp med pengane som gjer det mogeleg for mindre gardsbruk å innfri dette kravet. Den skal gjennom, og den må vere på minst 250 millionar kroner, og verkemiddela må bli betre, sa Felde.

Diskusjon kring grunnlagstala

Bondelaget har allereie spelt inn til Budsjettnemnda forslag om å synleggjere kostnad til leige av jord og leige av mjølkekvote på ein anna måte enn det blir gjort i dag, forklarte Felde.

– Vestland Bondelag har bestemt at vi tek med oss innspelet og vil sende inn ei forslag til årsmøtet i Norges Bondelag basert på hovudpoenga i denne saka. Skal vi gjere endringar i resultatmålet frå jordbruksforhandlingane, so må dette innom Storting og kanskje ei ny jordbruksmelding. Då er det avgjerande at vi avdekker alle konsekvensar av ei slik endring, og då vil det også vere naturleg at diskusjonen om ei slik endring blir teken i årsmøtet i Norges Bondelag, og ikkje i årets jordbruksoppgjer. Der skal tema vera auka lønsemd, sa Felde mellom anna.

Les heile talen til Anders Felde her.

Neste artikkel

– Dette er Erna si skuld