Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

325 kumjølkbønder har selt 30 millionar liter grunnkvote i 2018

Gjennomsnittleg salsmengde har også auka frå 84 000 liter i 2017 til 92 500 liter i år.

Statistikken viser at det er selt mest mjølkekvote i Trøndelag og Rogaland, mens det vert selt minst i Troms og Telemark. Foto: Liv Jorunn Denstadli Sagmo

Samanlikna med 2017 har mengde seld grunnkvote auka med 42,4 prosent, skriv Landbruksdirektoratet.

Om lag 15 prosent av seljarane har selt delar av kumjølkkvoten i 2018. Dette er på same nivå som i fjor. Bortsett frå Troms, har det vore delsal av grunnkvote i alle produksjonsregionane.

I 2018 har ti geitemjølkprodusentar selt i underkant av 700 000 liter grunnkvote.

Mest i Trøndelag og Rogaland

Statistikken for sal viser at det er selt mest mjølkekvote i Trøndelag og Rogaland, mens det vert selt minst i Troms og Telemark.

Annonse

Høgast gjennomsnittlege salsmengde har det vore i Østfold/Vestfold, kor eigarane har selt i snitt 183 000 liter kvote. I Buskerud og Oppland har derimot snittet vore langt lågare, på 58 500 og 64 000 liter.

Forklaringa på denne forskjellen mellom produksjonsregionane er blant anna storleiken på grunnkvotane. I Oppland og Buskerud er det langt fleire eigedomar med mindre grunnkvotar enn det er i Østfold/Vestfold, skriv direktoratet.

Staten har kjøpt om lag 6 millionar liter

I jordbruksoppgjeret 2018 vart det bestemt at kumjølkkvote selt til staten skulle bli inndratt. I årets omsetningsrunde har staten kjøpt opp om lag 6 millionar liter kumjølkkvote for 15 millionar kroner.

Denne mengda tas ut av marknaden ved inngangen til nytt kvoteår 1.1.2019. 6 millionar liter utgjer 0,4 prosent av den totale grunnkvoten i 2018. Oppkjøp av grunnkvote vert finansiert over omsetningsavgifta for mjølk.

Minimum 20 prosent av salsmengda måtte seljast til staten for ein fast literspris på kr 2,50. Resten av salsmengda, på 24 millionar liter, vert omsett på den private marknaden til marknadspris. Landbruksdirektoratet har ikkje opplysningar om prisen i den private marknaden.

Det er usikkert kva som er årsak til at fleire sel grunnkvote i år og at dei sel meir enn i fjor.

Neste artikkel

13 millioner utbetalt etter militærøvelsen