Fristen for å søke om sal av grunnkvote for ku og geit var 1. august 2022. Tabellane viser kor mange søknadar om sal av ku- og geitemjølkkvote som er mottekne innanfor kvar produksjonsregion og kor mykje dei søker om å selje til staten (avrunda til nærmaste 1 000).
Tala i 2022 er på nivå med 2021, etter nokre år med høg omsetning, skriv Landbruksdirektoratet.
Søknadar om sal av kumjølk
Agder (tal søknader og volum) 3, 100 000 liter
Møre og Romsdal 17, 792 000 liter
Nordland 6, 257 000 liter
Oslo og tidligere Akershus 3, 155 000 liter
Rogaland 12, 422 000 liter
Tidligere Buskerud fylke 3, 125 000 liter
Tidligere Finnmark fylke 2, 152 000 liter
Tidligere Hedmark fylke 5, 172 000 liter
Tidligere Oppland fylke 6, 175 000 liter
Tidligere Troms fylke 4, 225 000 liter
Tidligere Østfold, Vestfold 3, 239 000 liter
Trøndelag 30, 1 740 000 liter
Vestland 14, 396 000 liter
Totalt 108, 4 950 000 liter
Sal av geitemjølk
Det er to eigarar i Nord-Norge og fem Sør-Norge som har søkt om sal, i alt er det 151 000 liter
Endelege tal i oktober
Landbruksdirektoratet er godt i gang med handsaminga av søknadane om sal og vil kome tilbake med endelege tal i oktober, så snart alle søknadane, dispensasjonar og eventuelle klager er ferdig handsama.
Den mengda kumjølkkvote som vert selt til staten vil i år seljast til kjøparar innanfor produksjonsregionen. Søknadsfristen for kjøp av grunnkvote ku er 1. oktober.
Det er ikkje høve til å kjøpe grunnkvote for geit frå staten i 2022.