«Skal alle kappspringe til den beste marknaden (Oslo-området), så vil landbruksprisane stupe til det nivået der brukarane med dei beste produksjonsvilkåra så vidt greier seg.»

Reidar Almås

Senter for bygdeforskning, NTNU

Den landbruksbaserte samvirkerørsla i Norge er inne i ei skjebnetid. Samvirket er pressa av krevjande medlemmar, myndigheiter som ønskjer meir konkurranse og handelskjedene som pressar på pris. Adjø Solidaritet?

Sentralt i samvirkets organisasjonsform er dobbelnaturen; dels er det ei økonomisk forretning som skal ivareta økonomiske interesser, og dels er det ei foreining som skal fungere demokratisk.

Landbrukssamvirket vart bygd opp nedanfrå, som ei folkerørsle, med pengeinnskot og eigeninnsats i ei tid da bonden var prisgitt oppkjøparar og mellommenn. Men frå å vera frittståande meieri og slakteri i kvar bygd, vart det i 1930-åra etablert slagkraftige landsentralar som kunne opptre samla, for å utjamne pris og garantere leveranse. Dette var ikkje minst ein fordel for små bruk i distrikta langt frå storbyane, som hadde hatt minst marknadsmakt.

Rasjonaliseringstid

Etter ein konsolideringsperiode i etterkrigstida, kom det ei tid med rasjonalisering og nedlegging av anlegg. Mellom bonden og forbrukaren vart det bygd opp eit effektivt og moderne apparat for masseproduksjon, logistikk og marknadsføring. Mange bønder gløymte forbrukaren, og gløymte vel også kvifor samvirke er nødvendig.

Når det lokale meieriet skulle leggast ned, vart det gjerne ein smule diskusjon på prinsipielt grunnlag. Mange gjekk i passivitet når dei tapte, eller gjekk til private konkurrentar av samvirket, dersom dei hadde eit val. Men i dei store, tunge sektorane som mjølk, kjøtt og skog har dei fleste bøndene vore lojale, og i varierande grad kritiske støttespelarar til samvirke.

Historieløyse

Størst kritikk har det til tider vore imot sentraliseringa og direktørveldet.

Men i forhold til medlemmane, har samvirket og samvirkets leiarar alt for lenge tært ned på den sosiale kapitalen som vart skapt i mellomkrigstida og den første etterkrigstid. For kvart årskull av samvirkelojale som trer ut av samvirkets rekkjer, kjem det eit nytt kull meir eller mindre historielause inn, utan forstand for den løftestong landbrukssamvirket har vore for bondenæringa.

Dersom landbrukets beste kvinner og menn ikkje raskt tar alvorleg på gjenskapinga av den sosiale landbrukskapitalen, er neste generasjons bønder nøydde til å gjera dei same dyrekjøpte erfaringane som landbruket gjorde på 20- og 30-talet. Skal alle kappspringe til den beste marknaden (Oslo-området), så vil landbruksprisane stupe til det nivået der brukarane med dei beste produksjonsvilkåra så vidt greier seg.

Politisk handverk

Samvirket kan ikkje koma til forståing med myndigheiter og samfunn utan at både det politiske sentrum og arbeidarrørsla støttar opp. Derfor er det ikkje nok at samvirkelandbruket beskikkar sitt eige hus. Det må og til eit politisk handverk frå sentrumsregjeringa, saman med ein ideologisk grenseoppgang imot marknadstenkinga i arbeidarrørsla, før samvirket kan få arbeidsro og stabile framtidsutsikter.

Forbrukaren er framfor alt interessert i god kvalitet,

stabile prisar utan store mellommannsprofittar og sikkerhet for levering over heile landet. Kan samvirket levere det, saman med fornya medlemsnytte og forståing på bygdene, vil samvirket overleva.

Endringsprosessar

Men vi kan ikkje berre sjå på indre prosessar i landbruket for å forstå den forvitringa som har skjedd i landbrukssamvirket. Viktige endringsprosessar i det norske storsamfunnet har også slått inn.

Her ligg det nær å peike på den generelle forvitringa av det moralske fellesskapet, ei forvitring som har fått Regjeringa Bondevik til å opprette ein Verdikommisjon.

Tre dimensjonar

Sosiologen Yngvar Løchen har peika på tre grunnleggande dimensjonar i det moralske fellesskapet i samfunnet: forholdet til andre, gjensidig tillit og framtidstrua.

Forholdet vårt til andre kan svinge mellom ei ego-orientering og ei andre- orientering. I strengt kollektivistiske, sosialistiske statar eller i fundamentalistiske statar bygd på religiøs tru, vil individets interesser vera underordna statens. Men også i tradisjonelle samfunn med stor lojalitet ovanfor slekta, stammen eller lokalsamfunnet, er individets interesser underordna fellesskapet.

I samfunn av vår type har pendelen lenge svinga i individualistisk, nokon vil seie egoistisk retning. Individet skal realisere seg sjølv, først og fremst.

Tillit - mistillit

Den andre dimensjonen i samfunnets moralske fellesskap

er gjensidig tillit kontra mistillit. Eit grunnleggande trekk ved eit velfungerande samfunn er tillit mellom samfunnets borgarar. Dersom denne tillit manglar, eller ein må investere mykje tid og krefter i å sjekke om moglege kontraktpartnarar er tilliten verdig, blir transaksjonane risikable, kostbare og dermed få.

Sosiale og økonomiske bytte over store geografiske område er eit av dei mest slåande trekk ved moderne samfunn. Eit samanbrot i den grunnleggande tillit som ligg til grunn for slike transaksjonar, er også eit samanbrot i den mekansimen som gjer individ til samfunnsborgarar, og som bind småsamfunn saman til eit storsamfunn.

Tidsriktig pessimisme

Den tredje dimensjon i det moralske fellesskap er i følgje Løchen framtidstru kontra pessimisme. Det rår i dag ein «tidsriktig» pessimisme i leiande intellektuelle krinsar og ironi er den unge generasjons skjold mot ein tøff røyndom.

Det kan vera gode grunnar til å vera pessimist, både på vegne av kloden og dei framtidige slekter. Sannsynlegvis har Mor Jord levd best utan oss. Men misser ein trua på at vi kan beskikka oss sjølve, slik at vi både tar omsyn til det økologiske og det sosio-kulturelle mangfaldet, har vi tapt alt.

Allmenn kamp

Dei som arbeider for å ta vare på landbrukssamvirket, har altså sterke samfunnsmessige krefter imot seg. Men nettopp det at dette er krefter som arbeider på ein brei front i samfunnet, den aukande ego-orienteringa, den minkande tilliten og pessimismen for framtida, gjer at kampen for å styrke det moralske fellesskapet i landbruket, kampen for solidariteten mellom kjøttprodusentar, mellom mjølkeprodusentar, mellom skogbrukarar og mellom kornbønder, blir ein del av den allmenne kampen for å motverke forvitring og for å gjenskape eit moralsk fellesskap.

Dette er ein kamp som kvar generasjon, kvar sosial gruppe, kvart lokalsamfunn må kjempe på sin front. Det kan høyrast ut som eit Sisyfos-arbeid. Men har vi noko val?