Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tre mista livet i landbruket i fjor

Tre personar mista livet i arbeid knytt til landbruket i 2017. Landbruksnæringa har prioritert godt HMS-arbeid over fleire år, men tala er framleis for høge, meiner Birte Usland.

Det gikk bra med alle involverte personer i denne ulykken. Foto: Arne Nytrøen Solvang.

Det er eit historisk lågt tal, viser tal for ulykker i landbruket. Til samanlikning var det frå åtte til ni dødsulykker kvart år frå 2012 til 2015, og fire dødsulykker i 2016, viser oversikta frå Arbeidstilsynet.

– Heile landbruksnæringa har jobba saman og prioritert godt HMS-arbeid over fleire år, seier Birte Usland, styremedlem i Norges Bondelag.

– Tala er framleis for høge, og vi må halde fram med arbeidet for å komme ned til null. Alvorlege ulykker og skadar må også ned, meiner Usland.

– Denne type haldningsarbeid kan ikkje gjerast ved skippertaksmetode, men krev langsiktig arbeid over tid. Eksempelvis er det fleire og fleire som bruker setebelte på traktoren.

Bondelaget har, saman med Småbrukarlaget og Norsk Landbruksrådgiving, lagt ned mykje arbeid i prosjektet Godt bondevett. I tillegg har Bondelaget tilbode kursopplegget Tryggere sammen, som er finansiert av Gjensidigestiftelsen.

I kurset ser ein blant anna på risikoen for brann og andre ulykker på garden.

– Godt samarbeid

– Kor mykje har Godt bondevett og Tryggere sammen betydd for den positive utviklinga dei siste åra?

– Det er vanskeleg å seie konkret. Begge desse tiltaka har bidratt til at landbruket har bli sikrare. Forsking seier også at dei beste tiltaka for å få framgang på HMS-området, er å halde temaet varmt heile tida. Når ulike landbruksorganisasjonar gir råd om sikker praksis, og korleis ein kan redusere risiko, legg det grunnlaget for at den positive utviklinga held fram. Det er også blitt meir fokus på HMS i KSL de siste åra. Det har òg spelt ei rolle.

Annonse

– Norsk Landbruksrådgiving har vore på nesten 2000 HMS-besøk dei siste åra. Kor mykje har dette betydd?

– Praktisk rådgiving på arbeidsplassen er viktig i alle bransjar, så dette er veldig viktig. Det er nyttig at folk kjem utanfrå og ser på arbeidsplassen med nye augo. Dersom ein reknar med at kvart besøk førte til at tre ting blei utbetra på kvar gard, er det gjort 6000 HMS-tiltak berre i 2017. I tillegg har NLR vore i kontakt med ca. 15 000 personar i 2017, gjennom kurs, markdagar, seminar osv.

KSL inn som bransjestandard

– Korleis er samarbeidet med Arbeidstilsynet om HMS?

– Samarbeidet med Arbeidstilsynet er tillitsfullt. Vi er ikkje alltid samde, men har respekt for rollene til kvarandre. Det som er svært positivt, er at Arbeidstilsynet er klar til å anerkjenne KSL som ein bransjestandard for landbruket, på same måte som Mattilsynet har gjort. Det kan bidra til enno tettare samarbeid, om til dømes forståinga av regelverket.

– Opplever de at yngre bønder er meir opptekne av HMS og eiga helse enn eldre bønder?

– På mange måtar erfarer vi at unge er meir opptekne av tryggleik og eiga helse enn eldre, og det er ikkje anerkjent at jobben skal utfordre helsa lengre. Bonden si arbeidsevne er både garden og landbruket sin aller viktigaste ressurs. Vi har ikkje råd til å bli sjuke eller skada. Det er mykje lettare å reparere ein skada traktor enn ein skada bonde. Ein del yngre bønder kjem frå bransjar der HMS har hatt ein sterk posisjon, og tar dette med seg inn i landbruket.

Vil utvikle kurset

– Korleis vil Bondelaget, i samarbeid med andre organisasjonar, prioritere arbeidet med HMS vidare?

– Vi slår fast at bonden si arbeidsevne er landbruket sin aller viktigaste ressurs. Forsking viser at bransjesamarbeid er nødvendig. Vi vil bidra til merksemd om praktisk tryggleik året rundt. Vi skal vidareutvikle Godt Bondevett og Tryggere sammen, og bidra til at lokallaga set førebygging og tryggleik på dagsordenen med jamne mellomrom, seier Birte Usland.

Neste artikkel

– Dårlig arbeid av Nortura