Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ser med uro på open transport av grovfôr

– Reint etisk burde det vere naturleg å dekke til grovfôret under transport, seier Arne Vagle i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Det blir transport store mengder med grovfôr mange stader i Norge for tida. Arne Vagle meiner fôret burde tildekkast på ein betre måte. (Illustrasjonsfoto: Trond Martin Wiersholm)

Karl Erik Berge intervjuer seniorrådgivar Arne Vagle i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland om import og transport av grovfôr.

Det blir importert store mengder med gras og halm til Norge for tida. Hittil i år er det importert rundt 25 000 tonn med høy, medan det for heile 2017 blei importert 18 100 tonn.

Etter at tollfritaket trådde i kraft 16. juli, blei det dei tre første vekene fortolla til saman nesten 6 000 tonn høy, melder Landbruksdirektoratet.

Den 6. august var totalimporten for halm hittil i år på nesten 1 900 tonn. Dette er ei sterk auke frå 2017, da importen totalt var på 500 tonn, opplyser direktoratet.

– Det er mange som lurer på om open transport av halm og gras er lovleg? Eg har vore i kontakt med Felleskjøpet Rogaland Agder på Sirevåg, og dei sa at det ikkje er krav om tildekking ved transport dersom halmen kjem frå areal som er garantert frie for floghavre. Men ein ting er floghavre, me veit kor me har område med floghavre, noko anna er det med hønsehirse. Det er heller ikkje berre transport som er ei utfordring med hønsehirse, men også ved fôring av husdyr, seier seniorrådgivar Arne Vagle.

Hønsehirse brer seg

Hønsehirse aukar i utbreiing og er mange stader no eit problemugras i fleire kulturar. Tidlegare var dette rekna som eit ugras i kystområda, kor ein har varmare klima, men no finst det innover i landet også.

Annonse

Floghavre er eit problematisk ugras, særleg ved korndyrking. Floghavre har stor evne til å spreie seg og er vanskeleg å bli kvitt når han først har etablert seg, blant anna fordi frø kan liggje mange år i jorda utan å spire.

Eigarar og driftsansvarlege av eigedommar med floghavre er pålagte å overvinne ugraset aktivt, og det er blant anna forbod mot å omsetje, inkludert avhende, jord frå eigedommen.

– Kva bør ein gjere med denne typen transport?

– Det bør vere ei enkel sak å ordna opp i dette. Eg er ikkje nokon forkjempar for nye krav, og eg veit ikkje om det er det rette. Men reint etisk burde det vere naturleg å dekke til grovfôret under transport. Dette heng ikkje nødvendigvis saman med import av grovfôr frå utlandet. Nokre gangar kan det vere eit like stort problem at halmen kjem frå område i Norge med ulike typar ugras. Det er mykje transport mellom gardar, og det blir ofte liggjande ein del halm langs vegen.

Krav i «Forskrift om plantehelse»

– Det er mange aktørar som no importerer og sel grovfôr. Er det nokon form for kontroll med desse, slik at vi veit om dei berre importerer halm frå område som er frie for floghavre?

– Det veit eg ikkje, men dersom svaret er nei, er det krav om tildekking ved transport. Det står i «Forskrift om plantehelse.» Hønsehirse har ikkje kome inn i denne forskrifta. Han er fyrst og fremst eit problem i open åker, med eng eller gras over fleire år har hønsehirsen vanskeleg for å etablere seg. Eg trur ikkje det vil bli noko stort problem med hønsehirse på Jæren, seier Arne Vagle og legg til:

– Eg har ikkje løysinga på dette, og eg veit ikkje om eit påbod er det rette, men her burde vel Mattilsynet komme meir på banen.

Neste artikkel

– Jeg har fått mye pes som lokallagsleder