Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pinnekjøtet i butikk for dyrt for sauebonden

Sauebonde Magnar Juklestad reagerer på den store skilnaden mellom prisen han får for kjøtet sitt, og prisen på kjøtet i butikk.

– Nokon må gripe inn, meiner Magnar Juklestad. (Arkivfoto Bondebladet. Innfelt: Privat)

Som sauebonde har Magnar Juklestad frå Jølster måtte sjå prisane på dyra sine gå kraftig nedover.

Bondebladet har i haust skrive om sauebønder som har fått utbetalt heilt ned i fem øre per kilo kjøt, på det verste.

Dermed forventa Juklestad at prisen i butikken også er låg.

Han fekk seg eit sjokk då pinnekjøttet var kome på plass i hyllene, og han såg kva det kosta.

– Prisen på røykt pinnekjøtt var 289 kroner per kilo, og det var 249 kroner per kilo for det andre. Eg kjem ikkje til å ha råd til å kjøpe det. Det er formidable prisar, seier han.

Sauebonden lagar pinnekjøt og pølser sjølv, så for han er det uansett ikkje aktuelt å kjøpe det i butikken. Men paradokset er der likevel, meiner han.

– Nokon må gripe inn, seier Juklestad.

– Det blir veldig spennande å følgje med på prisane til jul

Magnar Juklestad

Saknar marknadslogikk

Den høge prisen er ikkje berre eit problem for lommeboka hans. Den er eit minst like stort problem for ham som saueprodusent, meiner Juklestad. For då fungerer ikkje marknaden.

– Eg hadde håpa at prisane gjekk ned til forbrukar. Dersom ikkje prisen går ned i sluttmarknaden, vil ikkje forbruket gå opp, seier han bekymra.

– Kva skjer om ein set ned prisen? Det som skal skje, er at folk kjøper meir spekemat og pølser. Varene skal bli billigare, og forbruket skal stige. Det er den einaste logiske samanhengen for sauebonden for å oppnå noko. Dersom dei ikkje set ned prisen på ferdige produkt, er vi fortapt, seier Juklestad.

No er han spent på kva som skjer med prisane framover.

– Det blir veldig spennande å følgje med på prisane til jul, seier han.

Annonse

Lite i butikk

Juklestad har også tidlegare reagert på butikkar si handtering av overskuddssituasjonen.

I sommar var han med på ein aksjon for å få fart i salet. Saman med andre bønder stod han på utsida av ein butikk og delte ut smaksprøvar.

– Folk åt som berre juling. Nortura spanderte, fortel han.

Det trudde han skulle føre til godt sal. Men så skjedde det som fekk ham til å reagere.

– Folk ville ha produkta, men dei fann dei ikkje, seier Juklestad.

Han gjekk sjølv inn i butikken, på jakt etter saue- og lammeprodukt.

– Vi blei så skuffa. Det var ingenting der. Vi fant nokre pølser, det var alt. Det er so frustrerande at du kan gå på veggen, seier Juklestad.

Uansett kan ikkje landbruksorganisasjonar stå på utsida av butikkar og halde oppe salet. Det må gå av seg sjølv, poengterer han.

Oppfordrar til å spørje

Jølsterbonden har lita tru på låg pris som verkemedel for å få folk til å ha færre sau. Men anten må produksjonen ned eller salet opp, peiker han på.

– Dersom det ikkje skjer noko med prisen i sluttmarknaden, vil ikkje forbruket gå opp. Landbruksstyresmaktene må ha kontroll og peike på det, seier han.

– Vi har ikkje noko maktorgan i dette spelet. Men sauehaldet har generelt stort sympati, og folk vil ha sauekjøt, seier Juklestad, og peiker på forbrukarane som ein mogleg alliert.

Han håper opinionen kan presse på litt, i butikkane.

– Kundane kan seie: «Kvifor har de ikkje sauekjøt?» Vi har ikkje noko anna middel, seier han.

Det kan også bøndene sjølve bli flinkare til, meiner Magnar Juklestad.

Neste artikkel

Vil ha tilskot for å byggje mindre fjøs