Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slår alarm om marknadsreguleringa

Norsvin-leiaren fryktar danske tilstandar i Norge.

Frykter dansk retning: – Stortinget må gå inn for at avtalen mellom Nortura og KLF, som vart stoppa av Konkurransetilsynet, blir godkjent, seier Heggheim. (Foto: Leif Bruntveit)

I dag er det målpris på svin, og bransjen kan i overskotssituasjonar innføre reguleringseksport av svinekjøtt. Denne er finansiert gjennom omsetningsavgift betalt av bøndene.

Eksportordninga, som har vore viktig for å balansere marknaden i periodar med overproduksjon, vil forsvinne gradvis. Det vart bestemt under WTO-møte i desember 2015. I 2020 er det heilt slutt.

Regjeringa forslår i den nye jordbruksmeldinga å avvikle målpris, og endre balanseringa av svinekjøtt.

– Utan gode reguleringsordninger kan norsk svineproduksjon gå i dansk retning. Derfor må Stortinget gå inn for at avtalen mellom Nortura og Kjøtt- og Fjørfebransjens Landsforbund (KLF), som vart stoppa av Konkurransetilsynet blir godkjent, seier Heggheim.

Må forbetre ordningane

– Kvifor er denne avtalen så viktig?

– Når marknadsordningane er oppe til diskusjon, er det viktig å ikkje berre halde på dei, men også forbetre og vidareutvikle ordningane. Denne avtalen vil styrke moglegheitene for produksjonsregulerande tiltak, dvs. gjere tiltak tidleg slik at ein sørger for å regulere før grisen er født, framfor å regulere bort ferdig produsert vare.

– Dette blir viktigare enn nokon gang, fordi ein som sagt mister eksportmoglegheitene.

– Kan du forstå argumenta til Konkurransetilsynet for å stoppe avtalen?

Stortinget har ved fleire høve etterlyst ei ordning som er meir uavhengig av samvirkeselskapa. Samtidig måtte ordninga vere mest mogleg effektiv. No har dei fått det. Eg meiner landbrukspolitikken må gå føre konkurransepolitikken, det er jo det som ligg i unntaket landbruket har.

«Denne balansen er faktisk grunnplanken i den norske pris- modellen»

Geir Heggheim
Annonse

– Hensikta med marknadsreguleringa er å realisere stortingets mål, dvs. skape markedsballanse, slik at det faktisk blir mogleg å ta ut målprisane som er vedtatt i jordbruksavtalen.

– Dersom det ikkje kjem nye tiltak, kva kan skje?

– Då fryktar eg ein kan sitje igjen med ei marknadsregulering som ikkje inneheld dei verktøya som skal til for å skape den avgjerande marknadsbalansen. Denne balansen er faktisk grunnplanken i den norske prismodellen.

Mareritt for bønder i EU

– Du treff ein del svinebønder frå Danmark og andre europeiske land. Opplever du at dei er nysgjerrige på den norske jordbruksmodellen, og korleis vi har bygd opp reguleringsordninga?

– Dei siste 2-3 åra har mangel på marknadsregulering vore europeiske bønder sitt aller største mareritt. EU har eit landbruk som er basert på å eksportere marknadsoverskotet. Når viktige eksportmarknader som Russland plutseleg blir stengt, og det ikkje finns ordningar og kultur for å bremse produksjonen, ja då går prisane dønn i kjellaren, og bonden går konkurs.

Mange er nyfikne på den norske modellen, meiner Norsvin-leiaren.

– Kanskje særleg verknaden vi har når det gjeld å oppnå marknadsbalanse. I hovudsak har Europa eit totalt ulikt landbruk i forhold til oss, kor veldig mykje er avregulert, seier Heggheim og legg til:

– Det er garantert ein del landbruksmiljø som ser til Norge når det gjeld vår unike dyrehelse. Europeiske forbrukarar blir meir og meir lik oss, det vil seie dei er opptekne av matproduksjon med lågt antibiotikaforbruk, utvikling av resistens, høg dyrevelferd og mat i eit miljøperspektiv. •

Neste artikkel

Forventer svinepris på under 10 kr i Danmark