Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ynskjer færre svenske rein i Noreg

Dale vil regulere talet på svensk rein i Noreg.

Vil regulere: Landbruks- og matministeren tek no sikte på å etablere eit lovgrunnlag for å regulere talet på svensk rein på beite i Noreg. (Foto: Illustrasjonsbilete Bondebladet)

I nærare 20 år er det arbeidd med ein ny konvensjon om grenseoverskridande reindrift mellom Noreg og Sverige, men framleid har ein ikkje klart å løyse saka. I sommar er det frå svensk side gjort kjent at dei ikkje kan ratifisere framlegg til ny konvensjon, som har vore klar sidan 2009, og som Noreg har godkjent og etterlevd.

Utan ein konvensjon mellom Sverige og Noreg, kan norsk reindrift i liten grad nytte vinterbeiter på svensk side av grensa. Talet på svenske rein som har nytta beitområda på norsk side har på si side over mange år auka i tal. Det har bidrege til at driftstilhøva for norsk reindrift er blitt særs vanskelege.

No tek landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til orde for å regulere den svenske reinstammen i Noreg.

– Det er uhaldbart for norske reineigarar at samstundes som ein sjølve iverksett slike tiltak, så flyttar svensk reindrift inn i dei same beiteområda utan nokon form for kontroll over kor mange dyr som nyttar beitegrunnlaget. I mangel av fungerande reinbeitekonvensjon og av omsyn til ei økologisk berekraftig reindrift, tek eg sikte på å etablere eit lovgrunnlag for å regulere talet på svensk rein på beite i Noreg, seier Dale i ei pressemelding.

Les også: Mener villrein-nedslakting er galskap

Annonse

Han opplev at produksjonen i næringa og velferda for dyra er truga. Det har frå norsk side vore omfattande reguleringar på den norske reindrifta for å få eit dyretal som er økologisk berekraftig og i samsvar med beitegrunnlaget.

– Eg legg til grunn at ei slik regulering skal vere tufta på beiteøkologiske berekraftvurderingar, på tilsvarande måte som vi regulerer reintalet elles i Noreg. Svensk reindrift i Noreg vil slik bli likebehandla med norsk reindrift med tanke på maksimalt tillate dyretal på dei norske beita, seier Dale.

Les også: Mener ulven får for mye oppmerksomhet

Neste artikkel

Tømmer-trøbbel i Trøndelag