Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Tilskotskutt vil ramme distriktsjordbruket

Gunnar Bjørndal meiner regjeringa slår beina under kjøttfebønder.

Karl Erik Berge
Publisert: 10.01.17 09:33 | Oppdatert: 10.01.17 16:33

I jordbruksmeldinga tek regjeringa til orde for å forenkle beitetilskota. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) vil flytte tilskota til utmarksbeite og fjerne for dyr som går på innmarksbeite og dyrka areal.

Leiar i Tyr Sørlandet, Gunnar Bjørndal i Evje, meiner forslaget vil rasere storfehaldet i distrikta.

– Det forslaget vil ramme distriktsjordbruket kraftig. Eg fryktar at dersom vi ikkje får beitetilskot på innmarksbeite og dyrka mark, vil desse areala gå ut av bruk. Mykje av den dyrka marka er både bratt og dårleg arrondert, og det er lite realistisk at denne kan haustast til fôr i det heile. Blir ikkje dette beita, vil desse arela gå ut av produksjon og gro att, seier Bjørndal.

– Mange stader er det nesten ikkje dyr igjen på beite. Vi må ta vare på desse beiteområda, legg han til.

Mjølkekyr skal rett nok ut på beite, men det er jo eit luftekrav og ikkje det same som å utnytte gode beite, meiner Tyr-leiaren som også driv med ammekyr på Hornnes i Evje.

– Melkekyrne går ofte ut på ein støypt platting med inngjerding rundt, seier han.

Ammekyr vart redninga

Innmarksbeite blir i markslagsinstruksen definert som areal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt.

«Dette forslaget slår beina under oss i distrikta»

– Ammekyr har på mange måtar blitt ein redning for at areala mange stader blir halde i hevd og ikkje gror att. Etter kvart som mjølkeproduksjonen har forsvunne, er produksjon av ammekyr det einaste realistiske, seier Bjørndal.

– Dale vil forenkla tilskotsordningane, men eg kan ikkje forstå korleis han skal klare det med dette forslaget. Korleis skal ein få definert kor beiteareala er? Mange stader er jo utmark og innmark gjerda inn saman, også skog kan vere inkludert i dette.

Må få tiltak som verkar

Gjennom dei siste åra har Bjørndal bygd opp ei ammekubesetning på garden. Han har brukt mykje tid på å rydde godt beite, og til sommaren reknar han med å sende 120 dyr på beite.

Kjøttfebonden meiner det er viktig med tiltak som verkar – slik at ammekyrne kjem ut i distrikta, og vekk frå dei gode kornområda.

– Dette forslaget slår beina under oss i distrikta. Det er mange som har små, men viktige jordlappar rundt omkring. Det vil ramme frykteleg mange og gå hardt utover arealbruken. Ein må heller styrke ordningane, slik at ein klarer å ta vare på desse viktige jordlappane, seier Gunnar Bjørndal og legg til:

– Går dette forslaget gjennom, vil dei mange stader fôre ammekyrne heile sommaren framfor å gjerde dei inne. Dårlegare utnytting av beita kan føre til at meir dyrka mark går med til å dyrke fôr, og at dette fôret blir brukt til fôre dyra på beite.

Det vil ramme frykteleg mange og gå hardt utover arealbruken.



Annonse