Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hugsar godt dei harde åra på 1930-talet

Vidar Eide er født same sommaren som fyrste verdskrig braut ut.

Vidar Eide (103) i Tørvikbygd har kombinert gardsdrift med båtbyggjing. Dei to siste båtane bygde han etter han fylte 100 år. No driv barnebarnet Britt Eide (t.h.) garden. Britt har mjølkekvote på 160 tonn.

Bordet til Vidar Eide i Tørvikbygd er fullt opp med aviser og leksikon. Helsa er bra. Eide bur åleine i huset, men han et middag hos sonen og familien like ved.

Vidar Eide er født 3. juli 1914. Han er den eldste medlemmen i Norges Bondelag. Eide les Nationen dagleg, og Bondebladet og lokalavisa, når dei kjem i postkassen.

Mobiltelefonen heng rundt halsen. Det var barnebarnet, Britt Eide, som overbeviste bestefaren om at mobiltelefon var ein god idé.

– Eg er døypt same dagen som første verdskrig starta. Det var ein sundag, og dagen etterpå vart kalla den galne måndagen. Det var fordi så mange ville hamstra inn korn og andre matvarer for å sikra seg og familien, seier Vidar Eide, som er født i huset han bur i.

Eide hugsar godt dei harde åra på 1920- og 30-talet.

– Eg las mange saker om tvangsauksjonar i Nationen på denne tida. Det var mange konkursar og saker i avisa som gjekk innpå oss, fortel han.

Mjølk og Strandebarmar

Eide har drive som mjølkebonde og båtbyggjar i på Eide i Tørvikbygd heile livet. Garden vart overført til sonen Jakob og svigerdottera Maria-Sigrun i 1982.

Båttypen Strandebarmar har han bygd heilt fram til no. Særleg etter at han vart pensjonist, har han bygd mange båtar. Dei to siste båtane bygde Vidar etter at han fylte 100 år.

Båtane vart svært populære, særleg på Sør- og Austlandet, og mange bønder i Tørvikbygd og Strandebarm kombinerte gardsdrifta med båtbyggjing.

– Far bygde båtar heile livet, så dette lærde eg av han, seier Vidar.

Vidar Eide har seks barn, 17 barnebarn og 26 oldebarn. To av barnebarna har blitt bønder. No driv barnebarnet Britt Eide, dotter til Jakob, garden. Britt har mjølkekvote på 160 tonn.

Hadde felles treskeverk

Under andre verdskrigen dyrka Eide og familien litt korn på garden. Det same gjorde dei på nabogardane. Alle gardane hadde pliktdyrking av korn og poteter i krigsåra.

– Det var fleire gode avlingsår under krigen. Vi dyrka både kveite, bygg og havre, men hadde lite jord å dyrka på. Saman med andre bønder rundt her hadde vi eit felles treskeverk, fortel han.

Husbyggjinga på garden er gjort med lite leigehjelp. Gardssaga, som vart bygd 1945-1946, var til god hjelp.

– Godt samarbeid mellom generasjonane har nok vore ei hovudårsak til at det har gått so bra hos oss. Far og mor hadde nok alle odds mot seg då dei overtok garden. Når eg ser gjennom notat etter far og mor, går det meir og meir opp for meg kva for ein kjempeinnsats dei har gjort, under utruleg tronge kår.

Å ta vare på matjorda er det viktigaste av alt. Her blir det gjort for lite

Annonse

– Far var alltid open for nye ting, men han var alltid varsam. Små steg, men alltid i rett retning. Far og mor var alltid i hardt arbeid. Kvile og fritid var ukjent. Båtbyggjinga var nok det som berga garden gjennom dei verste åra frå 1912 til 1935, seier Vidar.

Fekk Gråtass i 1954

Vidar gjekk på småbrukarskulen på Halsnøy i ungdommen. Etter det reiste han heim og gjekk i gang med nydyrking.

– Nydyrkinga tok skikkeleg fart etter 1934, då eg var ferdig på småbrukarskulen. Eg kan ikkje få fulltakka far for støtta. Han var alltid med og la planar og arbeidde med hakke og stubbebrytar dagen lang. Det gler meg at Jakob og Maria Sigrun og Britt held fram i same spor, seier Eide.

Den fyrste traktoren, ein bensindriven Gråtass, kom til garden i 1954. Då vart det slutt på å leita etter gamaltraktoren, altså hesten, kvar gang ein hadde bruk for han.

Bondeveteranen synest mykje går feil veg i landbruket, særleg på Vestlandet.

– Gardane har blitt for små, og derfor er det så mange bruk som går ut av drift. Det er trist å sjå alle gardane som er lagde ned her og andre stader, seier han.

Eide har opplevd tronge tider, og ber oss ta vare på matjorda.

– Å ta vare på matjorda er det viktigaste av alt. Her blir det gjort for lite. I tillegg må ein gjere meir for nyrekruttering til landbruksnæringa.

Æresmedlem i 1990

Vidar Eide veit ikkje når han vart medlem i Bondelaget, men æresmedlem har han vore sidan 1990. Eide har også sete i styret til Hardanger Meieri i Øystese i 22 år.

– Eg synest det er for gale at Bondelaget og Småbrukarlaget ikkje kan slå seg saman. Det hadde vore ein stor styrke om dei hadde gjort det, meiner bondeveteranen.

Eide har ikkje vore aktiv i politikken sjølv, men har følgt godt med. Han er ikkje imponert over innsatsen til Listhaug og Dale som ministrar for landbruket.

– Eg ville gjerne ha skifta ut begge to, seier han kontant.

Eide har hatt nokre nestenulukker opp gjennom åra, blant anna ein olm okse som stonga han to gonger. Men det har gått bra, og på spørsmål om kva som må til for å bli så gamal og ha så god helse, svarar han:

– Det gjeld å ta tida til hjelp. Det er det einaste sikre svaret eg kan gje, seier Vidar Eide.

Neste artikkel

Norsk Kylling velger å bygge på matjord