Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Alternativet er økt import

Alternativet til å gje Q-meieria meir støtte, er økt import, meiner landbruksminister Jon Georg Dale.

Uenige: Lars Petter Bartnes og Bondelaget var uenig i mange av forslagene Jon Georg Dale sendte på høring. Dale gikk likevel for dem. Nå begrunner han avgjørelsen.

Landbruksminister Jon Georg Dale har nyleg bestemt fleire endringar i prisutjamningsordninga for mjølk, etter ein høyringsrunde. Mellom anna har han auka kapitalgodtgjeringstilskotet til Q-meieria med anslagsvis 25 millionar kroner.

Både Tine og begge faglaga meiner det vil svekke norsk mjølk si konkurransekraft å legge disse ekstra kostnadene i PU-ordninga. Det er ikkje Dale einig i.

– Nei. Eg meiner det er handlingsrom i PU-ordninga til å handtere dette, når ein no gradvis utfasar for eksempel eksportstøtta til Jarlsberg. Det viktigaste bidraget for å halde oppe konkurransekrafta til norsk mjølk, er at forbrukarane kan velje mellom konkurrerande norske alternativ. Alternativet til det, er økt importkonkurranse. Derfor meiner eg at å sørgje for at vi har aktørar i meieribransjen som kan bidra med mangfald til forbrukarane, er ei effektiv måte å styrke norsk mjølkeproduksjon på.

– Du har lagt om ordninga, slik at kapitalgodtgjeringa blir eit resultat av kor godt Tine driver. Kvifor det?

– På grunn av Tine sin store, dominerande rolle, er det utfordrande å vere å vere utfordrar i mjølkesektoren. Viss du skal ha eigne mjølkeprodusentar, må du vere i stand til å matche utbetalinga frå Tine. Den har blitt stadig større. Det gjer at eg meiner det ikkje er mogleg å kome utanom dette forslaget om vi skal ha ein effektiv konkurranse i mjølkemarknaden.

– Nest beste løysinga

– Reduserer ikkje denne endringa Q-meieria sitt ansvar for å drive godt, og Tine sin gevinst ved å drive godt?

– Nei. Men eg skulle ynskje vi slapp å ha konkurransefremmande tiltak i mjølkesektoren. Men det er ikkje mogleg, med ei så sterk dominerande rolle som Tine har i meierisektoren i dag, om vi skal ta vare på dei andre landbrukspolitiske verkemidla. Det er mogleg å få større konkurranse om du svekker tollvernet, det er mogleg om du deregulerer fleire tiltak i landbruket betydeleg, for eksempel fjernar kvoteordninga og målprissystemet, og let marknaden betale det den er villig til. Men i sum har ikkje regjeringa villa gjere slik grep. Derfor må vi velje den nest beste løysinga, og sørgje for at vi har ein effektiv konkurranse i meierimarknaden.

– Er det rimeleg at dess meir Tine kutter i kostnadene sine, og dess meir innovativt og godt Tine driv, jo meir kapitalgodtgjering skal konkurrentar få?

– Det er i alle fall ein naudsynt konsekvens av at vi har ein så dominerande marknadsaktør. Vi har sidan 2007 hatt sentrale verkemiddel for å styrke konkurransen. Trass det, har Tine behalde sin store, dominerande posisjon. Det er fordi Tine har vore flinke. Men alternativet til å sørgje for tilstrekkeleg konkurranse i meierimarknaden, er at vi ender opp i ei monopolsituasjon igjen. Eg trur ikkje verken norske bønder, forbrukarane eller Tine er tent med det. Det vil føre til økt utanlandsk konkurranse, som ikkje er basert på norsk mjølk.

– Tine sin eigenkapital er relativt fast. Kvifor skal kapitalgodtgjeringa variere med kor godt Tine klarer å drive selskapet?

– I ein deregulert marknad ville truleg ikkje dette vore mi løysing, det erkjenner eg. Men har ein bonde bidrege til å byggje opp eigenkapitalen i Tine i mange år, men vel å gå til ein annan aktør, er det ikkje mogleg for bonden å få med seg eigenkapitalen han har vore med på å byggje opp. Det gjer at vi må finne ein annan måte der bønder fritt og på like vilkår kan levere varene sine til ulike meieri. Det er i det heile ikkje meieria som kjem til å få disse pengane. Det er bøndene som leverer til frittståande meieri som kjem til å få dei.

– Konkurransetilsynet meiner at å kople kapitalgodtgjeringa direkte opp mot den årlege etterbetalinga frå Tine Industri kan få «utilsikta konkurranseskadelege verknaden». Kva tenker du om det?

«

Jon Georg Dale
Annonse

– Eg tenker at det hadde vore et alternativ å følgje Konkurransetilsynet sitt primære råd for å halde oppe konkurransen, for eksempel å svekke tollvernet. Eg trur det ville gitt større utfordringar for norsk landbruk enn denne ordninga.

Alltid konkurranse i hovudet

Innfrakttilskotet var også eit tema i høyringa.

Tine og Q-meieria hadde svært forskjellig inngang i sine svar. Medan Q-meieria argumenterte konkurransepolitisk, minna Tine om at hensikta bak inntransporttilskotet er geografiutjamning mellom produsentane, ikkje å påverke konkurransesituasjonen mellom industriaktørane.

Tine fekk støtte frå mellom anna Bondelaget, som kalla det «uryddig» å legge inn eit element av konkurransepolitiske verkemiddel i innfraktordninga.

– Eg meiner det alltid er viktig å ha konkurranse i bakhovudet. Det nyttar ikkje å gjere vurderingar av enkeltordningar i PU-ordninga eller jordbruksavtalen utan å sjå på kva totaliteten blir. Av og til har du enkeltforslag som har ein verknad, og andre forslag som verkar i motsett retning. Men det er summen på kassalappen som teller, seier Dale.

– Har fungert

Meieriselskapa var mellom anna ueinige om kor vidt Q-meieria sine anlegg bør vere med i reknestykket når køyreavstandane blir berekna.

– Kvifor skal ikkje Q-meieria sine anlegg vere med?

– Eg har vald å ikkje gjere vesentlege endringar i innfraktordninga. Behovet for det er lite, og det vil fort oppstå andre skeivheiter, seier Dale.

– Er det ikkje sunt bondevett at godtgjeringa for køyrelengde baserer seg på faktisk køyrelengde, og ikkje på køyrelengda som mjølka ville ha køyrt om den vart køyrt ein annan stad?

– Det er mykje sunt bondevett i norsk jord-

Neste artikkel

Eventyrlig sommer for Diplom-Is