MEIR TRYKK: Nils Bjørke og Bondelaget vil ha det gamle bondelagskravet om fondsavsetting med skattefordel opp i debatten om landbruksmeldinga. Uåret 2011 har aktualisert behovet for kapitalreserver i jordbruket.

Vil ha «skogfond» for jordbruk

Norges Bondelag set no nytt trykk på kravet om å få ei ordning for fondsavsetning med skattefordel for jordbruket. Nils Bjørke ser skogfondordninga som ein høveleg modell.

- Dette er eit ynskje vi har hatt oppe ved fleire høve opp gjennom åra utan å nå fram. Men det er ikkje blitt mindre aktuelt med tida. Avlingsskadane og den vanskelige innhaustinga som fylgje av klimasituasjonen i fjor sommar har aktualisert saka, seier Bjørke.

- Vi ser at avlingsskadeerstatninga ikkje dekker tapa for dei som driv i ein viss storleik. Om ein hadde hatt skattestimulans for å sette av litt av overskotet i gode år til eit slik fond vi tenkjer oss, kunne ein stå betre rusta når nye uår kjem. Det vil vere eit godt grep for å få ein jamnare inntektssituasjon, held Bjørke fram.

 

For mindre investeringar

- I tillegg er det jo eit stort behov for mange slag investeringar i næringa, og eit slik fond kan vere eitt av fleire verkemidlar til å utløyse sårt tiltrengt opprusting av driftsapparatet. Det løyser ikkje alle utfordringar - og vi treng andre investeringstiltak i tillegg - men ei fondsordning vil vere eit lyft for eigenkapitalen og eit godt grep for dei litt mindre investeringane. Det kan vere puffet som gjer at investeringane kjem i gong, meiner Bjørke.

Apropos dei aktuelle utfordringane med eit våtare klima, peikar han til dømes på behovet for grøfting.

Eit anna argument er den fleksibiliteten fondet vil gi for generasjonsskifte. Mange bønder er usikre på korleis det blir med eigarskiftet, og då er det vanskeleg å ta avgjerder om korleis ein skal investere. Ved å sette kapitalen i eit fond, får ein tid til å områ seg.

Likestillingskrav

Det er ingen stor løyndom at motstand i Finansdepartementet er mykje av grunnen når Bondelaget ikkje har nådd fram med kravet om fondsavsetting for enkeltpersonføretak tidlegare. Motargumentet derifrå har vore at ein kan gjere det lettare å sette av kapital ved å stifte aksjeselskap.

Nils Bjørke avviser at dette er noko godt alternativ for sjølveigande bønder med eigarskap til konsesjonspliktig landbrukseigedom. Han meiner det er betre å endre regelverket for skattemessig fondsavsetting enn å måtte etablere ei mengd nye AS i landbruket.

Det høyrer òg med i biletet at styresmaktene i det seinare har lagd tilhøva betre til rette for aksjeselskapa gjennom fleire forenklingar i Aksjeloven. Bjørke ser på kravet om skattemessig fondsavsetting for enkeltpersonføretak som ei rimeleg motyting for likestilling med AS-forma.

Vil ha dialog med politikarane

I eit internt notat har Bondelaget kalla fondet eit "bio/jordfond", men Bjørke understrekar at organisasjonen ikkje vil låse diskusjonen om detaljane i utforminga.

- Poenget er at eit slik fond skal medverke til å løyse mat- og klimautfordringane. Vi har spela det inn i samband med landbruksmeldinga, og er klåre til ein tettare dialog med politikarane, seier bondelagsleiaren.

Partipolitisk har fondsordning til no møtt best gjenklang i opposisjonen, men slik Bjørke tolkar signala, er interessa frå politikarar i regjeringspartia òg større enn før.

- Vi merkar ein ekte interesse for at dei vil høyre meir, og vi vil gjerne ha debatt, seier han.

Les hele saken i neste nummer av Bondebladet.

Nøkkelord:

1 kommentar til denne artikkelen

Rogaland KrF har alt vedtatt dette og det er foreslått som en del av nytt partiprogram. http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/nyheter/artikkel?p_document_id=68285&org=15044  

Jostein Eiane - 14.02.2012 22:11

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Sann imydlå tædene

Sann imydlå tædene

Landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag 2011 på Nærland på Jæren.

Gallerier

Vis alle
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)
Bonde for en dag
Bonde for en dag (9 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Tusener kan miste seterretten

Har man ikke husdyr som beiter, faller retten til seter bort etter 20 år, mener Statens landbruksfor…


Krever milliarder fra Monsanto

Monsanto har ulovlig krevd avgift for genmodifiserte frø, har en domstol i Brasil kommet til. Om der…


Økte melkemuligheter – men ikke for alle

Norske melkebønder kan i inneværende kvoteår produsere fem prosent mer enn kvoten tilsier. De som li…


Turfolket tar seg til rette

Det kan høres festlig ut å finne en toppløs dame som ligger og soler seg midt i den modne kornåkeren…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.