FRUSTRERT: Trond Kristian Refve er melke- og svinebonde i Klepp kommune. (Foto: Leif Tore Sædberg, Jærbladet)

- Dette er å harselere med norsk landbruk

- Kor mykje jord skal nokre få fuglar få leggje brakk, spør Trond Kristian Refve. I sommar fekk han bandlagt 700 mål dyrka jord fordi nokre svarthalespover hadde slått seg ned på garden hans.

I Klepp kommune i Rogaland har 17 bønder fått føle ei ny forskrift på kroppen.

20 mai 2011 vedtok Regjeringa at svarthalespoven skal vere ein prioritert art. Det skal ikkje vere lov å forstyrre svarthalespovar, eller skade egga eller reira deira. Det betyr mellom anna at det ikkje er lov å slå graset før 15. juli i det «økologiske funksjonsområdet» for svarthalespovar.

Hos Trond Kristian Refve var det rundt fire par av fuglen i snipefamilien i sommar.

- Graset blir søppel

- Eg tek vanlegvis førsteslåtten i slutten av mai. Når eg ikkje får lov til å ta førsteslåtten før 15. juli, blir første- og andreslåtten til éin. Det graset kan berre deponerast. Det er søppel. Og graset rotnar på rot, så i verste fall får vi ikkje ta tredjeslåtten, heller. Desse fuglane legg ned noko av den beste landbruksjorda i Noregs land, seier Refve frustrert.

- Ifølgje kartet eg fekk var 700 mål, godt over 40 prosent av arealet mitt, bandlagt. Skal eg følgje dette, er det ikkje grunnlag for drifta lenger. Vi har investert fleire titals millionar kroner. Dette slår beina under drifta, seier Klepp-bonden.

- Stadig fleire arter

- Det verste er at fuglen ikkje er naturleg i Noreg, ein gong. Med klimaendringane som skal skje, vil vi få stadig fleire nyinnvandra artar. Skal vi ta vare på dei, har vi snart ikkje landbruk igjen, seier han.

Ifølgje Store norske leksikon er fuglen utbredt i deler av Sentral- og Øst-Europa til Sentral-Asia. Den etablerte seg første gang som hekkefugl i Noreg i Vesterålen i 1955, og har seinare hekka enkelte stader på Austlandet, Jæren, Mørekysten, i Trøndelag, Nord-land og Finnmark.

I Sør-Noreg hekkar svarthalespoven hovudsakleg i Klepp kommune no. I 2011 vart det registrert 20 hekkande par der, ifølgje Fylkesmannen i Rogaland.
Fuglen hekkar i graseng, der ungane er skjulte av graset. Men når bonden slår, kan dei bli drepne.

Kan måtte betale erstatning

Ifølgje forskrifta skal bøndene ha erstatning for bandlegginga.
Men Refve kan ende med å måtte punge ut med pengar til myndigheitene.

3. juni sendte Fylkesmannen i Rogaland ut brev til grunneigarane om at arten var konsta-tert på eigedommane deira, og at dette innebar eit rettsleg forbod om slått før 15. juli.

- Om sommaren skjer det mykje. De siste dagane før slåtten hadde eg ikkje opna posten. Så eg var ikkje klar over dette då eg slo graset 8. - 10. juni. Dermed har eg fått «førehandsvarsel om pålegg om miljøerstatning» frå Direktoratet for naturforvaltning. For å ha slått mitt eige gras! Dette er å harselere med norsk landbruk, seier han.

- Direktoratet skriv at påleg-get bør gis. Men eg vil ikkje akseptere ei bot. Dersom eg blir ilagt bot, vil eg ta den til retten, seier han.

- Vi har 400-500 storfe. Viss fire-fem fuglar skal leggje ned fôrgrunnlaget deira, då er det noko gale i dette landet, seier han bestemt.

Kjenner ikkje grensene

Ingen kan garantere kvar fuglane vil hekke neste år, men sannsynet for at nokre kjem til garden hans, er stor, trur Refve. Då varslar han alt no at han kjem til å forbryte seg mot reglane.

- Eg må ha fôr til dyra mine. Eg må slå graset. Eg kan ikkje la dyra mine i stikken på dette viset. Eg har eit ansvar for å gi dei nok fôr, seier han.
I år var det 17 bønder på Klepp fekk konsekvensar på grunn av svarthalespoven, ifølgje Jærbladet.

- Men det kan bli fleire. Fuglane kjenner ingen grenser, åtvarar Refve.

- Nå må ein byrje å tenkje på kor mykje samfunnet er villig til å betale for bevare 20-30 fuglar, seier Trond Kristian Refve.

Nøkkelord:

1 kommentar til denne artikkelen

Legg alt til beite og slepp 100 dexter dyr der da, da blir det mye til skudd og lite kjøtt. Dablir nok fugle kikerne fornøyd 

Dexter - 05.02.2012 18:05

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Sann imydlå tædene

Sann imydlå tædene

Landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag 2011 på Nærland på Jæren.

Gallerier

Vis alle
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)
Bonde for en dag
Bonde for en dag (9 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Ulovlig gjødsel velter toppfolk i dansk landbruk

En gruppe danske bønder etterforskes av politiet for innkjøp av ulovlig gjødsel fra Tyskland.


- Robot er framtida

En kvote på 400 tonn er i minste laget for en melkerobot, mener Arild Eide. Likevel valgte han å for…


Krav om landbrukskompetanse

Alle utøvere i landbruksnæringa skal ha grunnleggende kompetanse innenfor produksjon og drift. Det h…


Tine vil etterbetale 42 øre literen

Tines konsernstyre foreslår en etterbetaling til melkeprodusentene på 42 øre per liter. Dette utgjør…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Nye perspektiv i landbruksdebatten

Nye perspektiv i landbruksdebatten

Heidi Lundeberg ønsker en nyansert og kunnskapsbasert landbruksdebatt. Hun er en av stifterne bak Alliansen for en ny landbrukspolitikk i Norge som blant annet ønsker å styrke selvforsyning og bønders inntekter.

Bondelaget: - Naturbruk må tilby god grunnutdanning

Kun 4 av 24 jerv felt i Nordland

Feil om prosenttoll i Aftenposten

Vil ha mer vekt på mangfoldet

Ny organisering av ID-kontroll

Gårdsdrift

KAN FOREBYGGES BEDRE: Det brenner for en halv milliard på norske gardsbruk, og de fleste årsakene har med elektrisitet å gjøre. Bondelaget vil ha ha bedre installatører og mer bruk av ny teknologi i forebyggende kontroll. (Foto fra brannøvelse i Øyer: Linda Sunde)

Nye tiltak mot brann

Bondelaget går inn for nye tiltak mot de mange brannene på norske gardsbruk. Organisasjonen vil skjerpe kravene til el-installatører og ønsker også satsing på termofotografering av elektriske anlegg.

Virus på storfe og småfe brer seg videre

Skadegjøreren TCDVd påvist i norsk tomatproduksjon

Håper på «sauens tiår»

Superku fødte sitt femte tvillingpar

Fortsatt smittsom diaré i flere storfebesetninger

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.