DOBLING: I samband med den komande landbruksmeldinga, har Norges Pelsdyralslag ei dobling av produksjonen innan ti år som målsetnad, opplyser styreleiar Bertran Trane Skadsem.

- Talerøyr for pelsdyraktivistane

- Det er NRK som er hovudaktøren mot pelsdyrnæringa. Dei har regelrett vore talerøyr for aktivistane, dei har vore einsidige og forvrengt sanninga om næringa, seier leiar i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

På årsmøtet i Norges Pelsdyralslag opplyste Skadsem at laget har sendt klage på NRK til Pressens Faglige Utvalg.

Pelsdyrnæringa har også det siste året vore utsett for eit hardt mediekjør, men resten av medie-Norge har ikkje vore som NRK sentralt, held Skadsem fram. Lokale NRK-avdelingar har vore meir balanserte i høve til pelsdyrnæringa, det same gjeld lokalaviser - medan NRK sentralt har vore veldig einsidige i si framstilling av næringa.

- Næringa har og skal ha ei framtid i Norge, slår Skadsem fast. Landsmøtevedtaket i Arbeidarpartiet om styrt avvikling av pelsdyrnæringa var likevel eit alvorleg nederlag for norsk pelsdyrnæring.

- Me tapte fyrst og fremst på grunn av NRK, som har late seg bruka av aktivistane. Statskanalen og lisenskanalen NRK sitt krosstog mot pelsdyrnæringa må no få ein slutt, seier Bertran Trane Skadsem.

Ei dobling innan ti år

- Det Norske Arbeidarpartiet har ein kultur som skal skapa arbeidsplassar, ikkje byggja ned ei heil næring, slår Skadsem fast.

I samband med den komande landbruksmeldinga, har Norges Pelsdyralslag ei dobling av produksjonen innan ti år som målsetnad.

Det pågår ein kamp i regjeringa no om kva som skal stå i landbruksmeldinga om pelsdyr. Me får stola på landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og Senterpartiet, og mindretalet i Ap, sa Bertran Trane Skadsem i talen sin til årsmøtet.

For øvrig er både Høgre, KrF, Frp og Sp er positive til næringa.

Har ei framtid

- Samtidig med det politiske arbeidet må me overtyda oppdrettarane om at næringa har ei framtid. Me må få rammevilkår som gjer det muleg å konkurrera med land det er naturleg å samanlikna oss med. For mink gjeld dette Danmark og for rev gjeld det Finland.

Produksjonen i Norge har falle både for mink og rev. Me har no om lag 160.000 revar og 600.000 minkar i Norge.

- Produksjonsauke er difor viktig, slo Skadsem fast.

I år har det vore historisk høge prisar i pelsdyrmarknaden. For blårev har prisen hatt ei tredobling på tre år, sylvrev har hatt ei dobling, og mink nær ei dobling i løpet av tre år.

Alle marknader ser bra ut, produksjonen av pels held seg stabilt og pels held seg i motebiletet.

Dyrevelferd

Norges Pelsdyralslag har satsa mykje på dyrevelferd, og dette vil vera eit satsingsområde også i framtida. No er det på gang ei sertifisering av alle farmar, som skal vera gjennomført i løpet av 2011.

Det vil òg bli etablert ei helseteneste med pålegg om fire årlege besøk av veterinær.

Ny forskrift for hold av pelsdyr blei gjort gjeldande frå 1. mai 2011, og Skadsem oppmoda på årsmøtet alle oppdrettarar til å tilpassa seg denne.

Bertran Trane Skadsem tok også for seg Mattilsynet, som er ein nøkkelaktør når det gjeld å dokumentera at dyrevelferda i Norge er akseptabel.

- Mattilsynet har ein jobb å gjera når det gjeld å styrkja truverdigheita hjå politikarar og folket. Mattilsynet skal vera sanningsvitne, ikkje aktivist. Dei bør koma på uanmelde besøk på norske gardsbruk. Dette er ikkje populært, men nødvendig, framheldt Skadsem.

Aldri vore på ein farm

Leiar i Rogaland Pelsdyrfôrlag, Per Haugstad, kunne fortelja at det fanst representantar på Ap sitt landsmøte som røysta for avvikling av pelsdyrnæringa, som aldri har vore i ein pelsdyfarm.

Vedkomande sa i ettertid at ho ikkje ville ha røysta slik ho gjorde, dersom ho hadde visst det ho veit i dag.

Sigbjørn Kirkebøen frå Valdres og Hallingdal Pelsdyralslag meinte at ein ikkje berre kan skulda på NRK for vedtaket i Ap.

- Me må også skulda på oss sjølve for å ha vore for dårlege til å koma med god informasjon om næringa. Me er for lite på banen. Me må gå inn for å få betre kontakt med media, for å vinna fram med fakta. Eg vil oppmoda til å søkja hjelp frå andre land i Norden, der Danmark er mest offensiv til å møta situasjonar som pelsdyrnæringa har kome opp i slik som sist haust - og me må få snudd opinionen. Me må bli betre til å få ut informasjon til politikarane, og få dei til å besøkja pelsdyrfarmar, sa Kirkebøen.

Kampen er ikkje tapt

Bertran Trane Skadsem er samd i at ein ikkje har vore flinke nok med informasjonsarbeid.

- Men me har gjort det me til ei kvar tid har funne riktig. Og kampen er ikkje tapt. Det politiske arbeidet blir prioritet nr 1 framover. Me kan ikkje leva med eit Ap som er imot oss. Me jobbar med ein strategiplan der Ap sitt landsmøte i 2013 er målet. Partiet vedtek då eit nytt partiprogram, og her skal dei vera positive eller nøytrale til norsk pelsdyrnæring, sa Skadsem.

- Samtidig må me ta vare på det fleirtalet me har på Stortinget. Det blir ein hard kamp, men ei samla næring må motiverast til å delta. Våre vener i landbruks-Norge og elles må stå fram og støtta oss. Omkampen har starta!

Høgre støttar pelsdyrnæringa på lik linje med landbruket for øvrig, ifylgje Svein Flåtten, medlem av Stortingets næringskomite.

- Det står i vårt program at me støttar næringa. Dette er ei lovleg næring, noko som er grunntanken hjå oss, sa Flåtten.

- Eg trur mange let seg riva med av kjensler, når det kjem bloddryppande bilete på skjermen. Dei ser ikkje at dei aller fleste bønder fylgjer forskriftene for husdyrhald. Me må forstå at dyr kan få skader og at dei må leva med desse ei stund etter behandling, framheldt Svein Flåtten, som understreka at Høgre ikkje kjem til å endra sitt program.

Flåtten sa seg forundra over at ei regjering ikkje samarbeider for felles haldning på dette området.

Han minna dessutan om at eit landsmøtevedtak ikkje er det same som programvedtak. Det er partia sine program som tel når det er stortingsval.

- Eg trur ikkje Ap sitt lansmøtevedtak vil endra på noko i regjeringa sitt program. Det blir berre hausa opp der og då.

- Og, det er svært viktig kva næringa sjølv gjer. Ikkje lat dykk skrema av ein resolusjon på eit landsmøte, men jobb vidare mot politkarane, vis kor bra de driv. Ta kontakt med dei lokale politikarane og syt for at ikkje dei krefter som vil ha dykk fjerna vinn. Og de må sjølvsagt syta for god og forsvarleg drift i høve til dyrevelferda, noko som gjeld alle dyreslag. Det veit eg de har, men kunsten er å overbevisa dei som ikkje ser det, understreka stortingsrepresentant Svein Flåtten.

Attvalt som leiar

Bertran Trane Skadsem frå Klepp på Jæren blei attvalt som leiar i Norges Pelsdyralslag, med Mikal Kvaal frå Melhus i Sør-Trøndelag som nestleiar. Nytt styremedlem for to år er Bjørnar Berg frå Byneset i Trondheim. Han kom inn etter Finn Årdal som ikkje ynskte attval. Trond Sørum frå Ringsaker i Hedmark blei attvalt for to nye år. Jørand Ø. Lunde frå Vang i Valdres var ikkje på val i år.  

 

 

3 kommentarer til denne artikkelen

Alltid vært SP tilhenger, kommer fra gard og jobbet på reve- og minkfarm. Pelsdyroppdrett er rett og slett uforenelig med godt dyrehold og god livskvalitet for dyra uansett om buret er 1x1 meter eller 3x3 meter. Beklager, men SP har fått sin siste stemme fra meg etter fjorårets runde med hardnakka distrikspolitikk som går på bekostning av dyrevern. Nå må Skaldsem forstå at det ikke bare er NRK som har tatt standpunkt i denne saken, men også den norske befolkning! 

Katrine - 10.06.2011 09:51

Jeg har også vært borti pelsdyroppdrett, da jeg gikk på landbruksskole, og jeg kunne ikke ha vært mer enig i det Katrine her skriver. Hvorfor skal tusenvis av mink og andre pelsdyr dø, bare fordi noen mennesker er forfengelige til enhver pris? Det finnes nok av andre stoffer å velge mellom når en skal lage klær! Og dette dyreplageriet skal altså vi alle være med på å finansiere gjennom skatteseddelen! Nei, nå må noen sette en stopper for denne dritten! Det finnes andre og bedre måter å tjene penger på. 

Marta - 13.06.2011 15:25

Folk og fe Sikkert sånne kjerringer som bygger store hus fult av bur for bortkomne katter. Er ikke katteskinn bra for gikta? 

Vidar Erichsen - 25.01.2012 17:51

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Sann imydlå tædene

Sann imydlå tædene

Landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag 2011 på Nærland på Jæren.

Gallerier

Vis alle
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)
Bonde for en dag
Bonde for en dag (9 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Tusener kan miste seterretten

Har man ikke husdyr som beiter, faller retten til seter bort etter 20 år, mener Statens landbruksfor…


Krever milliarder fra Monsanto

Monsanto har ulovlig krevd avgift for genmodifiserte frø, har en domstol i Brasil kommet til. Om der…


Økte melkemuligheter – men ikke for alle

Norske melkebønder kan i inneværende kvoteår produsere fem prosent mer enn kvoten tilsier. De som li…


Turfolket tar seg til rette

Det kan høres festlig ut å finne en toppløs dame som ligger og soler seg midt i den modne kornåkeren…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.